Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øvingar side 181–184

3.8.1

  1. Fordeling dersom det skal skiftast no

    Fellesformuen blir først delt etter ekteskapslova § 58, jf. § 77, slik at dødsbuet kan setjast til kr 1 800 000. Som attlevande ektefelle har Vidar krav på ¼ i medhald av § 6(1), det vil seie kr 450 000. Utan testament ville resten, kr 1 350 000, bli delt likt mellom Bentes livsarvingar, Julius og Mari med kr 675 000 til kvar, jf. § 1. Når det dukkar opp eit testament, må ein undersøkje om det er i strid med reglar om minstearven til ektefellen og pliktdelen til livsarvingane.

    Faktum tyder på at testamentet var ukjent for Vidar. Testamentet kan derfor ikkje avgrense Vidars arverett etter § 6, jf. § 7. Vidar skal derfor ha ¼ = kr 450 000.

    Livsarvingane skal etter § 29 ha ⅔ av 1 800 000. Det utgjer kr 1 200 000. Bente kunne derfor fritt testamentere bort kr 150 000 utan å krenkje reglar om minstearv. Testamentet på kr 100 000 står seg. Resten, kr 50 000, går til livsarvingane som i alt får 1 250 000.

  2. Fordeling av uskiftebuet til Vidar

    Eg går ut frå at Mari som særkullsbarn ikkje gav samtykke til at Vidar kunne sitje i uskifte med henne, jf. § 10, og at Mari har fått sin arv, kr 675 000. Det gjekk derfor midlar for i alt kr 2 925 000 (kr 3 600 000 – kr 675 000) inn i uskiftebuet da Bente døydde. Når Vidar døyr to år seinare, er uskiftebuet verdt kr 2 400 000. Verdien av buet er altså redusert, til ugunst for arvingane. Det må dei finne seg i. Det er ikkje opplysningar som tyder på at § 27 om vederlag for vanstyrt uskiftebu kan nyttast.

    Uskiftebuet skal delast i medhald av § 26(1). Det skal delast likt mellom kvar arvinggruppe. Farsgruppa består av særkullsbarnet Viktor og fellesbarnet Julius. Dei deler farsdelen likt, det vil seie kr 1 200 000 / 2 = kr 600 000 til kvar. Morsgruppa består berre av Julius, sidan Mari fekk arven sin for to år sidan. Julius får derfor heile morsarven på kr 1 200 000. Julius, som høyrer til begge arvegruppene, får i alt kr 1 800 000.

3.8.2

  1. Camillas livsarvingar

    Camillas livsarvingar er særkullsbarna Rakel og Ronald og fellesbarna Karina og Stian.

  2. Stians rett til uskifte

    Stians rett til uskifte følgjer av § 9, jf. § 10. Han får rett til å sitje i uskifte overfor fellesbarna, jf. § 9, men ikkje overfor særkullsbarna til Camilla med mindre dei samtykkjer, jf. § 10.

  3. Fordeling dersom det blir skifta straks

    Fellesformuen på kr 3 800 000 skal først delast etter § 58, jf. § 77. Dødsbuet blir kr 1 900 000.

    Stian har som attlevande ektefelle krav på ¼ av kr 1 900 000, det vil seie kr 475 000. Dei fire livsarvingane skal dele resten, kr 1 425 000, i medhald av § 1. Dei får kr 356 250 kvar.

  4. Fordeling med kjent testament

    At testamentet er gyldig, må testast mot minstearven til ektefellen etter § 7, jf. § 6, og pliktdelen til livsarvingane etter § 29.

    Stian har krav på berre 4G = kr 400 000 sidan testamentet var kjent for han. Livsarvingane har krav på ⅔ av kr 1 900 000 = kr 1 266 667. Summen av minstearv er kr 1 666 667. Det er derfor frie midlar for kr 233 333 i buet. Korpset er tilgodesett med kr 100 000, slik at testamentet står seg.

    Problemet blir kven som skal bli tilgodesett med dei resterande 133 333 kronene. Det er i prinsippet avhengig av ei tolking av testamentet om desse pengane skal gå til attlevande ektefelle eller livsarvingane. Utan bestemte haldepunkt kan ei naturleg løysing vere å gi kr 75 000 av desse midlane til attlevande ektefelle slik at han får ¼ av arven. Resten kan gå til livsarvingane.

    Stian får ¼, jf. § 6 kr 475 000
    Fire livsarvingar får kr 1 325 000 (kr 331 250 til hver)
    Testamentsarving kr 100 000
    SUM kr 1 900 000
  5. Testament til fordel for Veronika og Vegard

    Camilla kunne testamentert bort kr 233 333 til Veronika og Vegard, sjå utrekningane ovanfor under bokstav d. Det ville gitt dette oppgjeret:

    Stian får 4G jf. § 6, jf. § 7 kr 400 000
    De fire livsarvingene til Camilla får kr 1 266 667 (kr 316 667 til hver)
    Testamentsarvingene Veronika og Vegard kr 233 333 (kr 116 667 til hver)
    SUM kr 1 900 000

3.8.3

  1. Fordeling utan testament

    Først skal fellesformuen delast i medhald av § 58, jf. § 77. Dødsbuet blir sett til halvparten, kr 2 100 000.

    Kari skal som attlevande ektefelle arve ¼ i medhald av § 6. Det blir kr 525 000. Resten, kr 1 575 000, går til Peders einaste livsarving, sonen frå eit tidlegare ekteskap, i medhald av § 1.

    Mora og broren høyrer til andre arveklasse og får ikkje arv dersom det finst arvingar i første arveklasse, jf. § 2.

  2. Fordeling dersom testament

    Spørsmålet om testament må testast ut frå reglane om minstearven til ektefellen, jf. § 6, jf. § 7, og pliktdelen til livsarvingane etter § 29.

    Peder kunne ha skrive testament og opplyst Kari om det. Karis arverett kunne på den måten vorte avgrensa til 4G = kr 400 000. Sonen ville som einaste livsarving ha krav på ⅔, men likevel avgrensa oppover til kr 1 000 000. Dette gir kr 700 000 som frie midlar til disposisjon i testament til fordel for broren.

3.8.4

Læraren har løysingsforslag.

3.8.5

Læraren har løysingsforslag.

3.8.6

Læraren har løysingsforslag.

3.8.7

Læraren har løysingsforslag.

3.8.8

Læraren har løysingsforslag.