Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 142

  1. Korleis blir dødsbuet berekna etter førstavdøde ektefelle?

    Den samla formuen til ektefellane skal delast etter reglane i ekteskapslova når den første døyr. Fellesformuen skal delast på same måten som ved skilsmisse, jf. ekteskapslova § 77 som seier at ekteskapslova kapittel 12 – deling ved separasjon og skilsmisse – får «tilsvarende anvendelse». Den delen av felleseiget som den attlevande ektefellen får etter delinga, er ikkje arv! Det er den attlevande ektefellen sin rettmessige del av felleseiget. Dødsbuet er den avdøde ektefellen sin del av den samla formuen til ektefellane. Det vil seie den delen avdøde hadde av felleseiget og eventuelt særeige.

  2. Korleis blir verdien av arven til attlevande ektefellen berekna dersom førstavdøde hadde livsarvingar?

    Ektefellen har rett til ein firedel av arven når det er livsarvingar, jf. arvelova § 6(1) første punktum. Han eller ho har likevel rett til ein minstearv på inntil fire gonger grunnbeløpet (4G) i folketrygda. Med G = kr 100 000 er minstearven kr 400 000.

  3. Korleis blir verdien av arven til den attlevande ektefellen berekna dersom førstavdøde ikkje hadde livsarvingar, men arvingar i andre arveklasse?

    Ektefellen har rett til halvparten av arven dersom det ikkje er livsarvingar og nærmaste slekt er foreldra eller avkom etter dei, jf. § 6(1) andre punktum. Han eller ho har likevel rett til minst 6G, kr 600 000.

  4. Kva arvar attlevande ektefelle dersom det berre finst slektningar i tredje arveklasse?

    Attlevande ektefelle arvar alt, jf. § 6(2).

  5. Kva har samlivsbrot å seie for arveretten til attlevande ektefelle?

    Dersom samlivsbrotet har ført til separasjon, jf. arvelova 8, har attlevande ektefelle ikkje arverett. Uformelt samlivsbrot fører ikkje til tap av arverett.