Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øvingar side 146–147

3.3.3

  1. Dødsbuet etter Bodil utgjer halvparten av felleseiget pluss heile særeiget. Det blir kr 2 200 000, jf. ekteskapslova § 58, jf. § 77 og § 42. Lars får kr 1 200 000 som sin del av felleseiget, jf. § 58, jf. § 77. I tillegg får han arv. Han vel det høgaste beløpet av 4G (kr 400 000) og ¼ av kr 2 200 000 (kr 550 000). Lars arvar kr 550 000. Dei tre barna arvar resten med lik del på kvar, jf. § 1. Dei får kr (2 200 000 – 550 000) / 3 = kr 550 000 kvar.

  2. Spørsmålet om Lars kan sitje i uskifte, blir løyst på grunnlag av arvelova § 9. Lars kan sitje i uskifte med heile felleseiget. Til det krevst det ikkje samtykke frå nokon av arvingane. Retten til å sitje i uskifte med Bodils særeige føreset at eitt av to vilkår er oppfylt. Retten til uskifte kan vere avtalt i ektepakt, jf. ekteskapslova § 43. Er det ikkje det, må livsarvingane samtykkje. Oppgåva har ikkje opplysningar om at nokre av vilkåra er oppfylte. Konklusjonen er at Lars ikkje har rett til uskifte med Bodils særeige.

  3. Svaret er ja. Det følgjer av arvelova § 18 at Lars rår som ein eigar over uskiftebuet, med dei atterhalda som er særleg fastsette. Å selje eigedelar for å busetje seg i Spania er det ingen lovreglar som forbyr.

3.3.4

  1. Vi går ut frå at dødsbuet er halvparten av fellesformuen og utgjer kr 600 000. Lisa har etter § 6(1) krav på 4G, kr 400 000. Resten skal delast på dei tre barna etter Frank, jf. § 1. Kvart barn får kr 200 000 / 3 = kr 66 667.

  2. Lisa kan sitje i uskifte i forhold til fellesbarna, jf. § 9(1). Franks son frå tidlegare ekteskap er eit særkullsbarn som etter § 10 har rett til å få sin arverett utbetalt dersom han ikkje gir samtykke til uskifte. Etter § 12 har Lise framleis krav på uskifte i forhold til eigne barn sjølv om særkullsbarnet ikkje samtykkjer. Lisas arv er ein så stor del av buet at det kanskje ikkje er så smart å krevje uskifte. Kanskje er ho best tent med å gjennomføre arveoppgjeret straks.

  3. Lisa kan etter § 19 ikkje gi gåver som står i misforhold til formuen i uskiftebuet. Dersom ho tek over buet uskifta, vil dette består av kr 1 200 000 minus kr 66 667(arven til særkullsbarnet). Gåva er mindre enn 10 % av buet. Rettspraksis, sjå til dømes RG-1991-675, tyder på at misforhold begynner å nærme seg når gåva er rundt 20 % av buet. Det tyder på at Lisas gåve står seg som gyldig.

3.3.5

Opplysninga i tredje avsnitt om verdien av uskiftebuet skal vere kr 4 200 000, ikkje kr 4 000 000.

Læraren har løysingsforslag.

3.3.6

Læraren har løysingsforslag.