Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 163

  1. Kva er hovudregelen i pliktdelsregelen i arvelova § 29?

    Hovudregelen er at livsarvingane har krav på 2/3 av arven.

  2. Kva for avgrensingar gjeld for pliktdelane til livsarvingane?

    Pliktdelane er avgrensa oppover til kr 1 000 000 per livsarving eller per grein hos ein livsarving. Likevel er grensa kr 200 000 for kvar fjernare livsarving enn barn. Dersom ein son eller ei dotter er død og etterlèt seg seks barnebarn, blir pliktdelen for denne greina kr 1 200 000.

  3. Kva skjer med eit testament der avdøde har testamentert bort større verdiar enn det pliktdelsreglane tillèt?

    Kravet frå testamentsarvingen på verdiar blir redusert slik at kravet ikkje er i strid med pliktdelsreglane.

  4. Kva skjer med eit testament der avdøde har testamentert bort ein eller fleire ting som i verdi overskrid det pliktdelsreglane tillèt?

    Ting kan ikkje delast slik som pengekrav. Dersom verdien av ein borttestamentert ting grip inn i pliktdelen, blir heile testamentet kjent ugyldig. Det er i rettspraksis ikkje opna for at testamentarvingen kan betale den overskytande verdien for å få tingen utlevert til seg. Arvelova § 29(2) blir nytta som heimel for ei slik tolking.

  5. Korleis deler vi eit dødsbu dersom det ikkje er nok pengar til å dekkje minstearven til ektefellen, pliktdelen til livsarvingane og krav frå testamentsarvingane?

    Minstearven til ektefellen har prioritet. Dersom eit bu på kr 400 000 har ektefelle, livsarvingar og testamentsarvingar med krav på arv, får ektefellen alt etter 4G-regelen, jf. §§ 6 og 7. Deretter får livsarvingane sin pliktdel, jf. § 29. Testamentsarvingen står bakarst i køen og får det som er til overs.