Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 180

  1. Kva er eit dødsbu?

    Dødsbu er nemninga på dei verdiane og dei eigedelane som arvelataren har etterlate seg. Dødsbu er nemninga på ein eigen juridisk person som trer inn i rettane og forpliktingane til den avdøde. Omgrepet har derfor ei dobbel tyding. Av og til når omgrepet blir nytta, siktar ein til dei etterlatne verdiane, mens andre gonger siktar ein til dødsbuet som juridisk person.

  2. Kva meiner vi med omgrepet «skifte»?

    Delinga av eit dødsbu blir kalla skifte. Reglane om skifte bestemmer korleis eit dødsbu skal behandlast for at verdiane skal bli overførte til dei rette arvingane og dei rette kreditorane.

  3. Kven har interesser i eit dødsbu?

    Det er vanleg å dele dei personane som skal dele formuen i eit dødsbu, inn i tre grupper. Desse er:

    • kreditorar som den avdøde skuldar pengar,
    • arvingar som skal arve brøkdelar (loddeigarar), og
    • testamentsarvingar som kan arve bestemte beløp eller eigedelar (legatarar). Desse står sist i køen.
  4. Kva er privat skifte?

    Med privat skifte meiner vi at arvingane deler buet utan offentleg innblanding. Eit slikt skifte føreset at alle arvingane er samde om det, og at minst ein av dei myndige arvingane tek på seg «… ansvaret for de forpliktelser som påhvilte avdøde», jf. skiftelova § 78.

  5. Kva vilkår må vere oppfylte for å gjennomføre eit privat skifte?

    Ein eller fleire loddeigarar må ta på seg ansvaret for gjelda til den avdøde, jf. skiftelova § 78. dei loddeigarane som tek på seg gjeldsansvaret, får eit solidarisk ansvar for heile gjelda, mens dei andre loddeigarane berre får ansvar inntil verdien av eigen lodd.

  6. Kven tek eit privat skifte?

    Loddeigarane, dei som har krav på brøkdelar av buet.

  7. Kva er ein skifteattest, og kva rolle speler han?

    Dei som tek over gjelda, får ein skifteattest av skifteretten. Attesten gir desse arvingane legitimasjon til å tre inn i rettane til den avdøde. På den måten får dei tilgang til bankkontoar, bankboksar, aksjar, verdipapir, eigedommar og annan formue.

  8. Kva er eit offentleg skifte, og når er det påbode?

    Offentleg skifte skjer gjennom eit offentleg organ, dvs. tingretten, jf. skiftelova § 1. Offentleg skifte kan når som helst krevjast av ein loddeigar, jf. skiftelova § 60. Det skal skiftast offentleg dersom vilkåra for privat skifte ikkje er oppfylte, jf. skiftelova § 83. Døme på dette er at ingen har overteke gjeldsansvaret innan ein frist på 60 dagar.

  9. Korleis går eit offentleg skifte føre seg?

    Blir spørsmålet om privat skifte ikkje avklart straks, skal skifteretten snarast råd registrere eigedelane i buet. Bustader kan bli plomberte, slik at ingen slepp inn og forsyner seg av eigedelane.

    Nokon må kanskje stengje vatnet, slå av varmen, halde huset forsikra og seie opp ulike abonnement. Skifteretten tilset ein bustyrar til å gjere denne jobben.

    Etter at alle eigedelane er registrerte, blir dei normalt selde, med mindre arvingane er samde om at nokon får naturalutlegg. Når det er klart kva verdi dødsbuet har, vil bustyraren, med godkjenning frå skifteretten, utbetale det arvingane har fått krav på.

  10. Er det privat eller offentleg skifte som er utgangspunktet?

    Hovudregelen er at det blir skifta privat. Offentleg skifte blir sett i verk dersom ingen tek over ansvaret for gjelda til den avdøde, eller dersom ein loddeigar krev det.

  11. Kva er eit preklusivt proklama, og kva er hensikta med det?

    Preklusivt proklama, jf. skiftelova § 69, er ei offentleg oppfordring til alle kreditorane til avdøde om å melde krava sine innan ein bestemt frist (seks veker). Dei som ikkje melder seg, taper krava sine. På den måten får skifteretten oversikt over gjelda til den avdøde.