Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øvingar side 155–156

3.4.3

Vilkåra for nødtestament etter § 51 er ikkje oppfylte. Testamentet må fylle vilkåra i §§ 48–50 for å vere gyldig.

Problemet i dette tilfellet er om testamentet er korrekt påført signering av vitne. Etter § 49 skal testator vedkjenne seg underskrifta si mens begge vitna er til stades samstundes, jf. § 49(1) første og andre punktum.

Faktum i oppgåva er litt uklart om korleis signeringa til vitna gjekk føre seg. Vi går ut frå at Olga først vedkjende seg underskrifta si overfor Else utan at Ola var til stades. Kravet i lova er at vedkjenning skulle skjedd overfor begge samstundes. Det har ikkje skjedd. Ola har påført underskrifta si utan å ha vore til stades saman med Else og utan å ha vore vitne til at Olga vedkjende seg underskrifta si. Testamentet er derfor ugyldig på grunn av dette.

Hadde begge vitna vore til stades ved Olgas vedkjenning av underskrifta si, hadde det ikkje vore ein sjølvstendig ugyldigheitsgrunn at vitna signerte seinare og kvar for seg. Det er det at dei er til stades samstundes ved vedkjenninga som avgjer, ikkje signeringstidspunkta. Det er heller ingen ugyldigheitsgrunn at testamentet ikkje er datert, sjå § 50 tredje punktum.

3.4.4

Læraren har løysingsforslag.

3.4.5

Læraren har løysingsforslag.