Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øvingar side 169–170

3.5.1

  1. Har Ola arverett etter Hanne?

    Spørsmålet er om Ola har arverett etter Hanne som sambuar. Som sambuar kan Ola ha arverett etter arvelova § 28 b(1). Sidan Ola og Hanne hadde barn saman, ville han ha rett til ein arv på 4G, kr 400 000. Problemet er at forholdet mellom Ola og Hanne ikkje fylte vilkåra for sambuarskap etter § 28 a. Det krevst at ingen av sambuarane er gift, jf. formuleringa «korkje er gift». Ola og Hanne blir ikkje rekna for sambuarar etter arvelova sidan Hanne framleis er gift med Siri. Ola har derfor ikkje arverett etter Hanne.

  2. Har Siri arverett etter Hanne?

    Siri har arverett som attlevande ektefelle etter § 6. Hanne hadde livsarving. Siri har derfor krav på 4G eller ¼ av dødsbuet. Med eit dødsbu på kr 1 200 000 skal Siri ha 4G, kr 400 000.

  3. Arveretten til barnet

    Barnet er einaste livsarving og arvar derfor resten, kr 800 000 i medhald av § 1.

3.5.2

  1. Har Petter krav på arv?

    Petter har som separert ektefelle ikkje krav på arv, jf. arvelova § 8.

  2. Har Oskar krav på arv?

    Ola og Oskar er sambuarar. Sidan dei er barnlause, får ingen av dei arverett etter kvarandre før dei har vært sambuarar i fem år og arveretten er bestemt i testament. Desse vilkåra er ikkje oppfylte. Oskar har derfor ikkje krav på arv etter Ola.

  3. Har ingen av dei krav på arv?

    Det følgjer av svaret på a og b at verken Petter eller Oskar har krav på arv. Det er ikkje opplyst om andre arvingar. Staten skal derfor sørgje for at arven blir gitt til frivillig verksemd for barn og ungdom i medhald av §§ 46 og 47.

3.5.3

Læraren har løysingsforslag.

3.5.4

Læraren har løysingsforslag.