Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 155

  1. Kva for formkrav gjeld for eit testament?

    Eit testament må fylle vilkåra i arvelova § 49. Det skal setjast opp skriftleg. Eit elektronisk lagra testament blir ikkje rekna som skriftleg sjølv om elektronisk lagring av dokument i andre samanhengar kan reknast som skriftlege.

    Eit testament må ha to vitne. Dei må vere til stades saman mens testatoren skriv under eller vedkjenner seg signaturen. Testamentet vil bli ugyldig dersom vitna blir oppsøkte ein etter ein av testatoren for å få stadfesta underskrifta. Vitna treng ikkje bli informerte om innhaldet i dokumentet, men dei må vite at det er eit testament. Vitna skal skrive under på testamentet. Sjølv om det krevst at vitna er saman når testatoren skriv under eller vedkjenner seg underskrifta si, treng vitna ikkje vere til stades saman når dei påfører sin signatur. Vitneunderskriftene kan ein hente inn etterpå, éin etter éin.

    Ein kan fråvike formreglane dersom det ligg føre vilkår for nødtestament, sjå spørsmål 2 og 3.

  2. Kva er eit nødtestament?

    Eit nødtestament kan berre vere gyldig dersom arvelataren fekk brå eller farleg sjukdom, eller plutseleg vart sett i ein farleg nødssituasjon. Brå og farleg sjukdom er nok den mest vanlege årsaka til å gjere nødtestament.

    Arvelova § 51 opnar for to former for nødtestament:

    • Munnleg nødtestament med vitne
    • Skriftleg nødtestament utan vitne
  3. Kva formkrav gjeld for eit nødtestament?

    Eit munnleg nødtestament kan i medhald av § 51 gjerast for to vitne som er til stades saman og som testatoren har godteke. Krava til vitna er dei same som ved andre testasjonar, sjå § 61. Paragraf 51(1) andre punktum er eit godt råd frå lovgivaren som kan sikre beviset for vitnevilkåret ved å setje opp testamentet skriftleg etterpå, signere det og forklare omstenda. Det er likevel ikkje ugyldigheitsgrunn om dette ikkje vart gjort. Det følgjer av ordet «bør».

    Eit skriftleg nødtestament (det holografe testamentet) kan setjast opp utan vitne dersom det ikkje har vore råd å få tak i vitne. Det siste vilkåret var tema i sjølvmordsdommen (RT-1984-1425) der testamentet vart kjent ugyldig av Høgsterett (dissens). Fleirtalet meinte at sjølvmordstankar som utviklar seg over tid til handling, ikkje har hindra testatoren i å skaffe vitne.

  4. Kan eit testament endrast etter at det er skrive?

    Testatoren kan tilbakekalle eller endre testamentet, men han eller ho må ikkje gjere det i strid med reglane i arvelova kapittel IX, jf. § 55. Arvelova § 57 viser til reglene i kapittel VIII, det vil seie til formreglane, særleg § 49 og eventuelt § 51. Hovudregelen er at tilbakekall eller endringar må gå føre seg med eit nytt testament.

    Etter § 57(2) kan ein testamentarisk disposisjon falle bort dersom dokumentet er øydelagt eller overstroke på ein måte som gjer det truleg at det ikkje lenger skal gjelde. Testamentet kan også falle bort på grunn av etterfølgjande omstende som gjer det tvillaust at testamentet ikkje skal gjelde. Eit døme kan vere den gamle mannen på 90 år som opprettar testamentet til fordel for niesa si som skal stelle han dei siste leveåra. Dersom niesa etter nokre månader flyttar og ikkje held omsorgsavtalen, kan testamentet kjennast ugyldig på grunn av etterfølgjande forhold (bristande føresetnader).

    Rettspraksis er streng dersom testatoren ikkje har følgt hovudregelen i § 57 om å skrive nytt testament. Det skal mykje til for å få endra eller kalla tilbake eit testament dersom formreglane ikkje er følgde.

  5. Kva krav er stilte til eit testamentsvitne?

    Krav til vitna følgjer av arvelova § 61. Vitne er inhabile dersom dei sjølve er tilgodesett i testamentet. Dei er også inhabile dersom nære slektningar til vitnet er tilgodesett, sjå § 61(1).

    Eit vitne er også inhabilt dersom det er i teneste hos nokon som er tilgodesett i testamentet, jf. § 61(2). Ein testamentarisk disposisjon til fordel for gamleheimen blir ugyldig dersom vitnet var tilsett på gamleheimen.