Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 169

  1. Kva er ein sambuar etter arvelova?

    Sambuarar som kjem inn under arvelova, må mellom anna ikkje vere gift eller sambuar med ein annan person. Dei må vere over 18 år og leve i eit ekteskapsliknande forhold, sjå arvelova § 28 a.

  2. Har ein attlevande sambuar noko ubetinga krav på minstearv?

    Dersom sambuarane hadde eller venta barn saman, har den attlevande sambuaren krav på minst 4G, kr 400 000. Dersom dei ikkje hadde barn, eller ikkje venta barn saman, må dei ha vore sambuarar i minst fem år, og det må dessutan vere bestemt i testament at den attlevande skal ha rett til 4G som minstearv. Testamentkravet inneber at kravet frå den attlevande på minstearv får prioritet føre pliktdelen til den avdøde sine eventuelle livsarvingar.

  3. Kva er likt, og kva er ulikt mellom arveretten til attlevande ektefelle og attlevande sambuar?

    Det er forskjell mellom reglane for arveretten til ektefellar i §§ 6 og 7 og reglane for arveretten til sambuarar i § 28b. Retten ein attlevande ektefelle har til 4G eller 6G, er minstearv som han eller ho ikkje kan bli fråteken uansett kva som står i testament. Ein attlevande sambuar kan derimot bli fråteken retten til 4G med testament som han eller ho hadde kunnskap om, jf. § 28b(2). Dessutan finst det ingen regel om at sambuarar får rett til 6G eller halvparten av arven, slik § 6(1) bestemmer for ektefellar, i dei tilfella der dei nærmaste slektsarvingane er avdøde sine foreldre eller avkom etter dei. Enda større forskjell blir det når dei fjernaste slektsarvingane er besteforeldre eller avkom etter dei, sjå § 6(2). Da arvar ein attlevande ektefelle alt, mens ein attlevande sambuar arvar ingenting.

  4. I kor stor grad kan ein attlevande sambuar ta over arv uskifta med arvingane il avdøde?

    Retten sambuarar har til uskifte, følgjer av arvelova § 28 c. Det er berre sambuarar med barn som har rett til uskifte. Dessutan er retten til uskifte avgrensa til dei eigedelane som er nemnde, felles bustad og innbu, bil og fritidsbustad som har vore i felles bruk. Rett til uskifte utover dette krev testament eller samtykke frå arvingane, jf. § 28c(2). Særskild livsarving har krav på arv utbetalt straks, jf. § 28c(3) som gir § 10 tilsvarande bruk.

  5. Kva er likt, og kva er ulikt mellom uskifteretten for ein attlevande sambuar og ein attlevande ektefelle?

    Den viktigaste forskjellen er at ektefellar har rett til å sitje i uskifte med heile felleseiget, jf. § 9, mens sambuarar berre får rett til nærmare avgrensa eigedelar. Ein annan viktig forskjell er at sambuarar ikkje har rett til uskifte dersom dei var barnlause, mens ektefellar har rett til uskifte overfor alle arvingar etter lova.

    Noko som er likt, er at uskifteretten ikkje gjeld overfor særkullsbarn til avdøde, idet § 10 gjeld for både ektefellar og sambuarar.

    Når uskiftebuet er etablert, gjeld dei same reglane for ektefellar og sambuarar om rådveldet over uskiftebuet, når det skal skiftast, osv.