Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 137

  1. Kva er arvetavla?

    Arvetavla viser krinsen av slektsarvingar som kan arve. Arvetavla er ein grafisk illustrasjon av dei tre arveklassane.

  2. Kven høyrer til første arveklasse?

    Første arveklasse følgjer av arvelova § 1 og består av livsarvingane til arvelataren, det vil seie barn, barnebarn osv. i rett nedstigande linje.

  3. Kven høyrer til andre arveklasse?

    Andre arveklasse følgjer av arvelova § 2 og består av foreldra og livsarvingane til foreldra, det vil seie brør eller søsken, eller deira barn, barnebarn osv. i rett nedstigande linje frå foreldra.

  4. Kven høyrer til tredje arveklasse?

    Tredje arveklasse følgjer av arvelova § 3 og består av besteforeldre, barna til besteforeldra (onklar og tanter) og barnebarna til besteforeldra (fetrar og kusiner). Fjernare slektningar, til dømes barna til fetrar og kusiner, står utanfor arveklassen.

  5. Kva vilkår må vere oppfylte for at slektsarvingar i andre og tredje arveklasse kan få arv?

    Vilkåra for at arvingane i andre arveklasse skal kunne arve, er at det ikkje finst arvingar i første arveklasse, jf. § 2(1). Tredje arveklasse har ein tilsvarande hovudregel, jf. § 3(1) første punktum. Her er det likevel ein unntaksregel for arvelatarar under 18 år. Var foreldra ikkje gifte og far eller mor døydde utan andre livsarvingar, skal besteforeldra eller deira livsarvingar på den avdøde si side arve halvparten. I slike tilfelle blir arven delt mellom den attlevande greina i andre arveklasse og arvingar på den avdøde si side i tredje arveklasse.

  6. Kva er meint med representasjonsprinsippet (greinprinsippet)?

    Dersom ein slektning med arverett er død, trer dei nærmaste livsarvingane til den avdøde inn som arvingar til den avdøde sin del. Prinsippet er at den avdøde slektningen blir representert av livsarvingane sine.

  7. Kva for slektningar står utanfor arvetavla?

    Arveretten stansar ved fetrar og kusiner i tredje arveklasse. Fetrar og kusiner står utanfor arvetavla, jf. § 3(1) andre punktum.

  8. Kan staten arve?

    Statlege institusjonar kan arve på grunnlag av testament. Men staten har ikkje lenger arverett i medhald av lova, jf. arvelova § 46. Når det ikkje finst arvingar på arvetavla eller andre arvingar, får staten eit ansvar for å sørgje for at arven blir fordelt til frivillig verksemd til fordel for barn og unge. Staten i seg sjølv eller statlege institusjonar har ikkje arverett etter § 46.