Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 175

  1. Kva er samisk rettsoppfatning om deling av eit skilsmissebu?

    Samane meiner at særeige bør vere hovudprinsippet. Det kvar ektefelle eigde da dei gifte seg, og det kvar ektefelle skaffar seg seinare, bør dei også kunne ta med seg ut av ekteskapet ved ei eventuell skilsmisse. Det er derfor meir utbreidd blant samar enn blant andre nordmenn å opprette ektepakt med reglar om særeige.

  2. Kva er samisk rettsoppfatning om arveretten til barna?

    Den samiske rettsoppfatninga av arveretten vik nokså mykje av frå reglane i arvelova. Den såkalla yngstemannsretten er ei nokså utbreidd rettsoppfatning blant samar. Det vil seie at heile arven blir overført til yngstemann seinast når foreldra døyr. Dei eldste barna har som regel fått arven på forskot og flytta ut. Reglane er grunngitt med at yngstemann har budd saman med foreldra og hatt omsorga for dei. Regelen har også ei økonomisk grunngiving: Han hindrar til dømes ytterlegare oppsplitting av reinflokken og driftsmidla.

  3. Er samane bundne av den norske arvelova?

    Svaret er ja.

    Eit arveoppgjør etter samisk rettsoppfatning føreset at arvingane frivillig går med på det. Slik er det i alle arveoppgjer. Dersom ingen protesterer, vil viljen til arvelataren skje. Er ikkje dei samiske arvingane samde, kan kvar av dei krevje at reglane i arvelova blir lagde til grunn for oppgjeret.