Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øvingar side 175

3.7.1

  1. Deling etter arvelova

    Mikkel sit i uskifte med heile formuen. Uskiftebuet er sett til kr 500 000 + 150 reinsdyr à kr 2 000 = kr 800 000.

    Det må først avgjerast om gåvene som Hans og Kaja fekk, skal reknast som livsdisposisjonar eller forskot på arv. Eit slikt problem blir løyst på grunnlag av arvelova § 38. Skal gåvene vere forskot på arv, må det godtgjerast at det var føresetnaden til arvelataren. Det må vere haldepunkt for at arvelataren ønskte at gåvene skulle avkortast (gå til frådrag) i arven til mottakaren. Det inneber at gåvene er å rekne som ein del av dødsbuet. Hans fekk kr 160 000, og Kaja fekk kr 190 000. Når desse gåvene blir lagde til det som fanst i buet da Mikkel døydde, blir dødsbuet kr 1 150 000. Arven blir delt på dei tre felles barna i medhald av § 1 slik at kvar av dei har krav på kr 383 333. Hans får utbetalt differansen mellom sin del og forskotet, kr 223 333. Kaja får utbetalt kr 193 333, og Terje får kr 383 333.

    Arveoppgjeret slik det er framstilt ovanfor, er hypotetisk. Det gjeld berre dersom gåvene var arveforskot etter § 38. Det er ikkje haldepunkt i oppgåva for at gåvene var forskot på arv. Det vil seie at gåvene står seg som livsdisposisjonar. I så fall skal dei tre barna dele kr 800 000, det vil seie kr 266 666,67 til kvar.

  2. Deling etter samisk rettsoppfatning

    Samisk rettsoppfatning er at dei to eldste barna alt har fått arven sin. Terje nyt godt av «minstemannsretten» og arvar resten, kr 800 000. Sidan denne løysinga ikkje samsvarer med arvelova, vil Terjes minstemannsrett vere avhengig av samtykke frå Hans og Kaja. Minstemannsretten er mellom anna grunngitt med at den yngste arvingen har hatt omsorgsansvar for dei gamle.