Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øvingar side 163–165

3.4.6

Laurits er einaste livsarving, og det er ikkje opplyst noko om ektefelle. Etter arvelova § 29 er ⅔ av arven pliktdelsarv for livsarvingane. Pliktdelsarven til Laurits er derfor kr 800 000. Blå Kors arvar dei resterande kr 400 000. Foreininga Blå Kors er legatar med eit krav i buet som må reduserast i samsvar med pliktdelsregelen.

3.4.7

John og Olivia er livsarvingar etter Nikken med arverett som er beskytta av arvelova § 29. Pliktdelen er ⅔ av buet, men er avgrensa oppover til kr1 000 000 per barn. Det vil seie at dei to livsarvingane får kr 1 000 000 sidan dødsbuet er kr 6 000 000. Resten, kr 4 000 000, kan testamenterast bort. Golfklubben får sitt krav i buet redusert frå kr5 000 000 til kr 4 000 000.

3.4.8

Det er opplyst at Gerd og Fredrik ikkje hadde felles barn. Det er heller ikkje opplyst noko om at Gerd hadde særkullsbarn. Det blir derfor lagt til grunn at Gerd ikkje hadde livsarvingar, og dermed blir arvelova § 29 ikkje nytta.

Spørsmålet er om testamentet står seg overfor Fredrik som ektefelle. Eventuelle slektsarvingar må godta testamentet, men sidan testamentet seier at raftingklubben skal ha alt, blir spørsmålet om testamentet er i strid med Fredriks krav på arv.

Fredriks krav på arv skal avgjerast på grunnlag av § 7, jf. § 6. Det er opplyst at Fredrik kjende til testamentet. Det blir rekna som tilstrekkeleg for å oppfylle kunnskapskravet i § 7 at den attlevande ektefellen har vorte kjend med at det eksisterer eit testament som kan påverke arveretten. Testamentet treng ikkje vere lese, jf. LB-2014-136243 (Kunnskapsdommen (dom 3.7.2015)). Dette fører til at Fredrik berre får krav på 6G.

Dette resultatet kan ikkje lesast direkte ut av § 7 for dei tilfella der arvingane høyrer til tredje arveklasse og dersom det ikkje finst slektsarvingar. Ein går ut frå at minstearven på 6G gjeld også for desse tilfella.

Det er opplyst at ektefellane hadde felleseige på kr 4 000 000. Ein går ut frå at felleseiget skal delast likt i medhald av § 58, og at dødsbuet såleis kan setjast til kr 2 200 000. Av dette skal Fredrik ha kr 600 000. Resten, kr1 600 000, går til raftingklubben.

3.4.9

Med ein samla formue som blir delt etter § 58, kan dødsbuet setjast til halvparten, kr 2 700 000.

Frida har sonen Jo som einaste livsarving. Sidan det ligg føre eit testament, blir § 29 nytta. Jo har krav på ⅔ av kr 2 700 000, men likevel maksimalt kr 1 000 000.

Alf har som attlevande ektefelle krav på arv etter § 6 som kan takast frå han med testament etter reglane i § 7. Testamentet var ukjent. Det kan derfor ikkje gripe inn i Alfs arverett etter § 6. Alf har rett til ¼ av 2 700 000 = kr 675 000. Det er derfor meir enn nok midlar i buet til å tilfredsstille testamentet, kr 300 000. Det er kr 725 000. Kven skal få desse pengane? Sidan Alf har fått det han har krav på, må pengane gå til Jo. Arveoppgjeret blir etter dette:

Alf, ¼ av buett 675 000
Fridas bror, testamentsarving 300 000
Jo, Fridas son 1 725 000
SUM 2 700 000

3.4.10

Med ein samla formue som blir delt etter § 58, kan dødsbuet setjast til halvparten, kr 2 000 000.

Sonen var alt død da Ole døydde. Dottera til denne sonen er den einaste livsarvingen med krav på arv. Ho må dele arven med ektefellen til avdøde. Åse har rett til ¼ av arven (større enn 4G), jf. § 6(1). Åse skal ha kr 500 000. Dottera etter den avdøde sonen, Oles barnebarn, arvar resten, kr 1 500 000.

Broren og barna til den avdøde søstera høyrer til andre arveklasse. Dei har ikkje arverett så lenge det finst ein arving i første arveklasse. Ektefellen til sonen har heller ikkje arverett etter Ole.

Dottera til den avdøde sonen er livsarving etter særkullsbarn, jf. arvelova § 10. Åse har derfor ikkje rett til uskifte overfor henne med mindre denne arvingen (eventuelt verja til arvingen og Fylkesmannen dersom ho er mindreårig) samtykkjer. Oppgåva gir ikkje opplysningar om samtykke. Dottera til den avdøde sonen skal derfor ha kr 1 500 000 utbetalt. Uskifte blir med det uaktuelt fordi Åse ikkje har fleire arvingar som ho kan krevje uskifte overfor.

3.4.11

  1. Det skal skiftast straks

    Med ein samla formue som blir delast etter § 58, kan dødsbuet setjast til halvparten, kr 1 800 000.

    Det ligg ikkje føre testament. Frodes livsarvingar, Vivi, Åge og Tore, skal dele arv i medhald av § 1. Sonja skal som attlevande ektefelle arve i medhald av § 6(1), det vil seie det største beløpet av 4G og ¼ av 1 800 000. Firedelsregelen er størst, kr 450 000. Dei tre livsarvingane skal dele resten, det vil seie kr 1 350 000 / 3 = 450 000 til kvar. Line arvar ikkje.

  2. Sonjas rett til uskifte

    Retten til uskifte gjeld overfor eige barn, Tore, og ikkje overfor Frodes særkullsbarn, jf. § 9, jf. § 10. Dersom Vivi og Åge ikkje samtykkjer til uskifte, skal dei ha farsarven utbetalt, kr 450 000 til kvar. Uskiftebuet vil bestå av Tores og Sonjas arv og av Sonjas halvdel av fellesformuen.

  3. Nødtestament

    Munnleg nødtestament krev to vitne, jf. § 51. Sonja kan ikkje vere vitne fordi testamentet ville vore til fordel for Sonjas slektning i rett nedstigande linje, jf. § 61. Sjølv om Sonja kunne vore vitne, manglar vitne nr. 2. Utsegna står seg derfor ikkje som nødtestament.

  4. Kor mykje kunne vore testamentert til Line?

    Sonjas minstearv er 4G = kr 400 000, jf. § 7. Pliktdelen til livsarvingane etter § 29 er ⅔ av kr 1 800 000, det vil seie kr 1 200 000. Resten av buet, kr 200 000, kunne vore testamentert til Line.

    Sonja kunne også frivillig gitt avkall på arv slik at Line kunne fått kr 600 000.

3.4.12

Læraren har løysingsforslag.

3.4.13

Læraren har løysingsforslag.

3.4.14

Læraren har løysingsforslag.