Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øvingar side 150

3.4.1

Dei to yngste barna har fått ei gåve mens Klara var i live. Spørsmålet er om gåva var ein livsdisposisjon, eller om ho var ein dødsdisposisjon som krev eit testament.

Gåver som er fullbyrda mens givaren lever, er normalt livsdisposisjonar. Klaras gåve vart fullbyrda fordi bustaden vart overført og barna flytta inn mens Klara var i live. Det er likevel unntak for fullbyrda gåver som er gitt på dødsleiet, jf. arvelova § 35 andre punktum. Så kva er meint med dødsleiet?

To vilkår må vere oppfylte for at ein person er på dødsleiet. Det må for det første vere høg risiko for at vedkommande døyr i nærmaste framtid. For det andre må vedkommande vere klar over at døden er nær.

Rettspraksis tyder på at «nærmaste framtid» berre er nokre få månader unna. Dersom givaren skulle leve i fleire år, vil gåva stå seg som livsdisposisjon. Det finst inga eksakt tidsgrense, men det blir hevda i teorien at grensa er rundt seks månader. Høg alder aleine er ikkje nok for å vere på dødsleiet!

Konklusjonen blir etter dette at gåva er gyldig utan å stå i eit testament.

3.4.2

Læraren har løysingsforslag.