Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øvingar side 138

3.2.1

  1. Barna til arvelataren arvar likt, jf. § 1(2). Kvart barn arvar derfor kr 2 400 000 / 3 = kr 800 000.

  2. Barna til arvelataren arvar likt, men er eit barn død, går arvelotten (barnet sin del av arven) til livsarvingane til det døde barnet, med lik part til kvart barnebarn, jf. § 1(2) første og andre setning. Dei to barna i live arvar kvar kr 800 000. Kvart barnebarn etter den avdøde sonen arvar kr 400 000.

  3. Løysinga blir tilsvarande som i spørsmål b. Ein avdød son og ei avdød dotter gir to arvelottar à kr 1 200 000. Dei to barnebarna til den avdøde sonen arvar kr 600 000 kvar, mens dei fire barnebarna til den avdøde dottera arvar kr 300 000 kvar.

  4. Det er ingen livsarvingar etter den avdøde. Arven skal derfor delast på grunnlag av § 2. Arven går til foreldra, jf. § 2(1). Er far eller mor død, går arvedelen til hans eller hennar livsarvingar, jf. § 2(2). Mora skal ha halvparten av arven, kr 1 200 000. Dei to søskena arvar delen til den avdøde faren og får kr 600 000 kvar.

  5. Far og mor er døde, og dei har ikkje livsarvingar (søsken etter avdøde). Arven skal derfor delast på grunnlag av § 3. Arven går derfor til besteforeldra eller livsarvingar etter dei, i medhald av «greinprinsippet». Arven skal først delast i to, ei grein til kvart besteforeldrepar. Det gir kr 1 200 000 til kvar grein. Besteforeldra sine livsarvingar i live er ein bror til den avdøde faren og to søsken etter den avdøde mora. I forhold til avdøde er dette ein onkel på farssida og to tanter på morssida (eg går ut frå at søskena til den avdøde mora er søstrer). Dette inneber at onkelen på farssida arvar kr 1 200 000 og dei to tantene på morssida arvar kr 600 000 kvar.

  6. På morssida er det ein fetter. Han er livsarving etter besteforeldra på morssida og høyrer til tredje arveklasse. På farssida er det tre onklar. Dei er livsarvingar etter besteforeldra til avdøde på farssida og høyrer til tredje arveklasse. Greinprinsippet i § 3 fører til at fetteren arvar heile morssidearven, kr 1 200 000. Dei tre onklane deler farssidearven og får kr 400 000 kvar.

  7. Kusina på morssida er einaste arving i tredje arveklasse, mens halvsøstera på farssida er einaste arving i andre arveklasse. Det følgjer derfor av § 2 at halvsøstera arvar alt. Fetteren arvar ingenting.

3.2.2

Berit på farssida og Daniel på morssida høyrer til andre arveklasse og har arverett etter § 2. Som einaste arving på farssida skal Berit ha halve arven. Morfar Daniel arvar halvparten av den arven som skal til morssida. Onkel Finn er livsarving etter den avdøde mormora og Daniel. Onkel Finn høyrer også til andre arveklasse og har rett til sin halvdel av arveloddet til mormora. Den andre halvdelen av arveloddet til den avdøde mormora går vidare til dei tre barna til den avdøde tanta, jf. § 2. Det gir dette arveoppgjeret:

Farmor Berit Kr 500 000
Morfar Daniel Kr 250 000
Onkel Finn Kr 125 000
Barna til tanta: Ane, Birthe og Celius Kr 125 000 / 3 = kr 41 666,67 til hver

3.2.3

Mia og Mats høyrer til andre arveklasse og har arverett etter § 2. Mia har som livsarving etter Martes avdøde foreldre rett til heile den delen som skulle gått til mora, men berre halvparten av arveloddet til faren. Faren har to livsarvingar: Mia og Mats. Det gir dette arveoppgjeret:

Søstera Mia Kr 375 000
Halvbroren Mats Kr 125 000

3.2.4

Tor Li Gran var einaste livsarving etter Anders Gran og høyrde derfor til første arveklasse da faren døydde. Tors rett til arv oppstod i den augneblinken faren døydde, jf. arvelova § 71(1). Ektefellen Grete har som separert ikkje arverett, jf. § 8. Tor arva derfor heile arven på kr 3 000 000 da Anders døydde i flammene.

Tor døydde med ein arva formue på kr 3 000 000. Spørsmålet blir kven som er Tors arvingar i dette dødsbuet. Når oppgåva opplyser at Tor ikkje hadde særleg formue å snakke om da han døydde, siktar ein ikkje til arven frå faren. Aktuelle arvingar er Tors mor, Grete Li, og tanta Anita på farssida.

Grete Li høyrer til andre arveklasse, mens Anita som tante høyrer til tredje arveklasse. Hovudregelen er at arvingane i andre klasse arvar alt, jf. § 2(2) første punktum. Frå denne hovudregelen er det bestemt unntak i § 2(2) andre punktum for dei tilfella der arvelataren er under 18 år og foreldra ikkje var gifte eller gifte, men separerte. Tor var 16 år. Foreldra var separerte da Anders døydde. Unntaksregelen blir derfor nytta her. Resultatet blir at halve arven går til Tors besteforeldre eller livsarvingane deira i samsvar med § 3. Tante Anita skal derfor ha kr 1 500 000 av arven. Det same beløpet går til Tors mor.