Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 62

  1. Kva er formålet med verjemålslova?

    I forarbeida til verjemålslova (Ot.prp. nr. 110 (2008–2009) side 8 her det: «Det sentrale siktemålet for vergemålslovgivningen er å sikre at interessene til mindreårige og de voksne som ikke kan handle på egen hånd, likevel blir ivaretatt, og at dette skjer med respekt for den enkeltes verdighet og integritet.» Formålet med lova er såleis å sikre mellom anna mindreårige personar mot å bli utnytta økonomisk. Ein viktig del av formålet er å sikre at mindreårige ikkje blir utnytta økonomisk av sine foreldre.

  2. Kven er som regel verje for personar under 18 år?

    Det følgjer av verjemålslova § 16 at den som har foreldreansvar for mindreårige, også er verje. Kven som har foreldreansvar, følgjer av barnelova, sjå §§ 34, 35 og 38. Foreldra, eventuelt berre éin av dei, har som regel foreldreansvaret.

  3. Kva oppgåver har ei verje?

    Oppgåvene verja har i økonomiske spørsmål, går fram av verjemålslova § 17. Med mindre anna er bestemt, handlar verja på vegner av den mindreårige i økonomiske spørsmål, til dømes i samband med avtalar om kjøp og sal. Formuleringa «Med mindre noe annet er bestemt», viser at retten verjar har til å handle på vegner av den mindreårige, er avgrensa av ei rekkje reglar. Prinsippet er at større økonomiske disposisjonar krev samtykke av Fylkesmannen.

  4. Kva er hovudregelen om retten ungdom har til å bestemme sjølv i økonomiske spørsmål?

    Hovudregelen om retten ungdom har til å bestemme sjølv, går fram som unntaksreglar frå verjemålslova § 9, jf. § 8. Den som er under 18 år, men fylt 15, kan etter § 12 disponere over midlar som er tente ved eige arbeid eller eiga verksemd etter fylte 15 år. Ungdom kan også disponere fritt over midlar som verja eller andre har late den mindreårige få til eige rådvelde. Det siste gjeld uavhengig av alder. Regelen må likevel tolkast i lys av verjemålslova §§ 48 og 49. Store beløp kan den mindreårige likevel ikkje disponere fordi Fylkesmannen bestemmer over finansformue som er større enn 2G. Regelen må også tolkast i lys av verjemålslova § 40. Mindreårige kan ikkje bruke sjølvtente midlar som eigendel ved kjøp som inneber stifting av gjeld.

  5. I kor stor grad kan ungdom inngå ein arbeidsavtale utan samtykke frå verja?

    Ungdom som har fylt 15 år, kan sjølv inngå arbeidsavtalar, jf. verjemålslova § 10. Verja kan likevel krevje arbeidsavtalen heva etter § 10(2) andre setning, men da må det kunne argumenterast sakleg med «hensynet til den mindreårige».

  6. I kva for tilfelle kan ungdom under 18 år bestemme sjølv over eigne pengar?

    Finansielle eigedelar (bankinnskot, aksjar, obligasjonar osv.) skal som hovudregel forvaltast av Fylkesmannen, jf. § 48. Beløp under 2 G (om lag kr 200 000) kan likevel forvaltast av verja, jf. § 49. Dersom pengane er tente ved eige arbeid eller eiga verksemd i medhald av § 12, er det berre beløp under 2G som kan disponerast fritt av den mindreårige.

  7. Kva er meint med legitimasjonsregelen i verjemålslova, og kva går han ut på?

    Legitimasjonsregelen følgjer av verjemålslova § 14. Dersom den mindreårige har disponert over pengar som han hadde «i sin besittelse» utan å ha rett til å disponere over dei, kan avtalen likevel bli bindande for den mindreårige. Regelen er grunngitt med tilliten til pengar og kva dette har å seie for kjøp og sal. Vilkåret om pengar «i sin besittelse» betyr at den mindreårige må ha brukt kontantar eller betalingskort utan kreditt. Det er også eit sentralt vilkår at motparten ikkje visste eller ikkje var så aktsam som han eller ho burde vore etter forholda. Motparten må ha vore i såkalla aktsam god tru med omsyn til retten til den mindreårige. Moment som er sentrale i denne vurderinga, er alderen til den mindreårige og storleiken på beløpet. Ein kjøpsavtale der ein sjuåring kjem med 1000 kroner og krev smågodt for alle pengane, blir derfor ikkje gyldig etter denne regelen.

  8. Når bestemmer Fylkesmannen, når bestemmer verja, og når bestemmer ungdommen sjølv over pengane til ungdommen?

    For finansielle eigedelar bestemmer Fylkesmannen, jf. § 48. Verja kan bestemme over verdiar opptil 2 G, jf. § 49. Dersom midlane er sjølvtente eller stilte til rådvelde i medhald av § 12, bestemmer den mindreårige.

  9. I kor stor grad kan ungdom stifte gjeld?

    Verja kan ikkje stifte gjeld på vegner av den mindreårige utan samtykke frå Fylkesmannen, sjå § 40. Det krevst ikkje samtykke for å ta opp utdanningslån i statleg låneinstitusjon (til dømes Lånekassa). Sjølvtente midlar kan ikkje nyttast som eigendel dersom eit kjøp skal delfinansierast med lån, jf. RG-1973-343 om Ben Slipers bruktbil. Å stifte gjeld skal tolkast snevert ved avtalar der rekning blir ettersend med ein viss betalingsfrist. Det krevst til dømes ikkje samtykke frå Fylkesmannen dersom det blir bestilt ei vare i ein nettbutikk og beløpet skal betales innan ein rimeleg frist etter leveringa. Det er sagt i forarbeida at det må dreie seg om eit «låneopptak».

  10. I kor stor grad må ungdom erstatte verditapet på ein ting dei har kjøpt dersom kjøpsavtalen blir kjend ugyldig på grunn av umyndigheit?

    Ein ugyldig kjøpsavtale fører til eit oppgjer som skal gjennomførast i medhald av verjemålslova § 15. Partane skal gi tilbake dei ytingane dei har motteke. Formålet er å få att den opphavlege økonomiske situasjonen, altså som om disposisjonen ikkje hadde skjedd. Dersom den mindreårige ikkje kan levere attende kjøpsgjenstanden, skal verdien erstattast. Dette erstatningsansvaret er likevel avgrensa til den nytten den mindreårige har hatt av tingen. Dersom tingen har vorte øydelagd eller stolen slik at den mindreårige ikkje har hatt nytte av han, fell erstatningsansvaret bort på dette grunnlaget. Resultatet kan derfor bli at kjøpesummen skal betalast attende til den mindreårige utan at kjøpsgjenstanden blir levert attende.

    Dersom tingen har vore i bruk, må den mindreårige betale for nytteverdien. Som døme, sjå RG-1973-343 om Ben Slipers bruktbil der den mindreårige måtte tole frådrag i den tilbakebetalte summen for ein bil som var brukt på ein ferietur. Erstatninga vart avrekna på grunnlag av leigeverdien.

    Bortfall av erstatningsansvar etter verjemålslova § 15 hindrar ikkje at det kan vere grunnlag for erstatningsansvar etter skadeerstatningslova § 1-1.