Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 77

  1. Kvar finn vi regelen om underhaldsplikta til ektefellane?

    Ekteskapslova §§ 38–39 bestemmer at ektefellar har gjensidig underhaldsplikt.

  2. Kva er innhaldet i underhaldsplikta?

    Underhaldsplikta er todelt. Ho omfattar ansvaret for å dekkje dei felles behova familien har, og ansvaret for dei særlege behova til den andre ektefellen

  3. Kva meiner vi med felles hushald?

    Felles hushald omfattar mellom anna investeringar i bustad og bil, daglege forbruksutgifter, som til dømes utgifter til mat og drikke, barnehage, reparasjonar, bensin til bilen og klede til barna.

  4. Kva meiner vi med dei særlege behova til kvar ektefelle?

    Særlege behov for kvar enkelt ektefelle omfattar mellom anna utgifter til klede og sko, transport, lege og tannlege. Du må som ektefelle først bruke eigne midlar til eige underhald. Berre når dei ikkje er tilstrekkelege, kan det krevjast tilskot frå den andre. Du kan berre krevje dekning i såkalla rimeleg utstrekning. Dyre og unødvendige luksusbehov kan som regel ikkje krevjast dekte av den andre. Brot på underhaldsplikta kan føre til at ein ektefelle må betale pengebidrag.

  5. Har sambuarar plikt til å forsørgje kvarandre?

    Sambuarar har inga lovbestemt underhaldsplikt.

  6. Korleis kan sambuarar få gjensidig underhaldsplikt?

    Sambuarar har ikkje plikt til å forsørgje kvarandre utan at dei sjølve har regulert dette gjennom ein sambuaravtale.