Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 93

  1. Kva er forskjellen i råderett over eigne eigedelar for ektefellar og sambuarar?

    Hovudregelen er den same. Ektefellar og sambuarar rår fritt over eigne eigedelar. Avgrensingane for felles bustad og innbu gjeld berre ektefellar, ikkje sambuarar, sjå §§ 32 og 33.

  2. Korleis kan reglane om sameige føre til avgrensingar i råderetten sambuarar har over eigne eigedelar?

    Reglane om sameige speler ikkje berre ei rolle for sambuarar. Dei har også noko å seie for ektefellar og alle andre som eventuelt eig ein eigedel saman med andre.

    Ting som er eigde i sameige, kan nyttast fysisk i forhold til eigarforholdet, sjå sameigelova § 3. Særleg praktisk er regelen om styring og utnytting. Dersom ein sambuar ønskjer å pantsetje ein bustad som er i sameige, krevst det fleirtalsvedtak etter § 4. Med to sameigarar betyr det at begge må vere samde.

    Sal av eigedelane inneber at sameiget blir oppløyst. Det blir styrt av sameigelova § 15.

  3. Kan ein sambuar stifte gjeld med ansvar for begge?

    Kortsvaret er nei. Gjeld kan likevel stiftast på grunnlag av reglar om fullmakt, men det er reglar som høyrer til Rettslære 2.