Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øvingar side 74–75

2.2.1

Ekteskapslova § 3 forbyr ekteskap mellom slektningar i rett opp- eller nedstigande linje eller mellom søsken.

  1. Faren din og tanta di på farssida kan ikkje gifte seg med kvarandre. Dei er søsken. Opplysninga om at faren er fråskild, betyr berre at han er ugift og i prinsippet kan gifte seg på nytt, men ikkje med søstera si.

  2. Mormor og farfar kan gifte seg med kvarandre. Dei er ikkje i slekt med kvarandre.

  3. Du kan gifte deg med fetteren din. Han er ikkje broren din og heller ikkje slektningen din i rett opp- eller nedstigande linje. Ein fetter er slektning i sidelinje og nedstammar frå besteforeldra dine.

  4. Broren til faren din (onkelen din) og fetteren din på morssida kan gifte seg med kvarandre. Dei er verken søsken eller i slekt på annan måte. Aldersforskjell er inga ekteskapshindring.

  5. Du kan gifte deg med svigermor, men eventuelt ekteskap mellom deg og barna til svigermora di må ha teke slutt, ved død eller skilsmisse.

  6. Dei kan gifte seg med kvarandre. Sonen til dotter og dottera til son er fetter og kusine.

  7. Dei kan gifte seg med kvarandre. Dottera di er tremenning til fetteren.

  8. Dei kan ikkje gifte seg med kvarandre dersom tanta di på farssida er barnet (rett nedstigande linje) til farfaren din. Dersom farfaren din hadde fleire barn, kan tanta vere niesa til farfaren din (barn til søsken), og da kan dei gifte seg med kvarandre.

  9. Dei kan gifte seg med kvarandre, men det føreset oppløysing av ekteskapet mellom mora di og medmora. Det finst fleire døme på at ei mor som har fødd barn ved hjelp av assistert befruktning, har gift seg med sædgivaren. Når mor kan, så kan også medmor.

2.2.2

Ola og Marianne har same mor (Kari), men forskjellige fedrar. Ola og Marianne er derfor halvsøsken. Ordlyden i ekteskapslova § 3 (søsken), forarbeid, rettspraksis og juridisk teori gjer det klart at også halvsøsken skal reknast som søsken etter § 3. Ola og Marianne kan derfor ikkje gifte seg med kvarandre.

Mariannes alder er også ei ekteskapshindring, jf. ekteskapslova § 1 a.

2.2.3

Arvelova § 28 a føreset mellom anna at sambuarane må vere to personar som ikkje er gifte, og som lever saman i eit ekteskapsliknande forhold. Det sentrale her er om ekteskapet mellom A og B framleis består når B vart sambuar med C.

Dersom sambuarskapet mellom B og C skal utløyse rettsverknader etter arvelova og fleire andre lover, må ekteskapet mellom A og B på ein eller annan måte ha teke slutt. Det kan mellom anna gjerast med reglane i forsvinningslova frå 12.5.2015. Ein måte å gjere det på er å få ei rettsleg avgjerd om As død i medhald av § 8, men da må A ha forsvunne under omstende som ikkje gir grunn til å tvile på at han er død. I dette tilfellet byggjer det på utsegner frå ISIS, men ikkje konkrete bevis. Det er derfor tvil om As død. B kan derfor bruke § 9 og reise sak om at A skal reknast som død fordi han høgst sannsynleg er død. Slik sak må reisast innan eitt år sidan siste tidspunkt da ein visste at han var i live. Dersom retten ikkje meiner at As død er høgst sannsynleg, kan slik dødslysingssak reisast når det har gått fem år sidan nokon visste at A var i live.

Ein annan måte for B er å bruke dei alminnelege reglane om separasjon og skilsmisse, jf. ekteskapslova §§ 20 og 21. Det vil ta B eitt år å skaffe seg status som ugift (skild).

2.2.4

Spørsmålet er om Iqbahls ekteskap med den 60 år gamle mannen i heimlandet kan anerkjennast i Noreg. I så fall kan ho ikkje gifte seg på nytt utan at det nye ekteskapet er i strid med ekteskapslova § 4.

Utgangspunktet i ekteskapslova § 18 a(1) er at ekteskap inngått i utlandet blir anerkjent i Noreg dersom det er gyldig inngått etter reglane i vigselslandet. Vi føreset at Iqbahls ekteskap vart gyldig inngått i Somalia, trass i hennar unge alder. Ekteskapet blir likevel ikkje anerkjent ikkje i Noreg dersom dette openbert ville verke støytande på norsk rettsorden, jf. § 18 a(1) fjerde setning. Ekteskap der ein av partane er under 16 år, verkar støytande på norsk rettsorden, fordi seksuelle handlingar med barn under 16 år er straffbart etter norsk rett (sjå til dømes straffelova § 304). Utanlandske ekteskap med 9-åringar blir utan tvil ikkje anerkjende i norsk rett.

Opplysninga om at den 60 år gamle ektemannen i Somalia var Iqbahls onkel, har ikkje sjølvstendig betydning, fordi ekteskap mellom onkel og niese ikkje er i strid med norsk rett, sjå ekteskapslova § 3.

Iqbahl kan ikkje utan vidare gå ut frå at det utanlandske ekteskapet ikkje gjeld i Noreg. Ho må skaffe seg eit vedtak eller dom for at det utanlandske ekteskapet ikkje blir anerkjent i Noreg. Først da er ho fri til å gifte seg på nytt utan at å gjere seg skuldig i bigami.

Iqbahl kan også nytte norske reglar om separasjon og skilsmisse for å gjere slutt på det somaliske ekteskapet, men da får ho status som fråskild, noko som ofte er uønskt av kvinner med Iqbahls bakgrunn.

2.2.5

Ekteskapsinngåinga må mellom anna tilfredsstille vilkåra i ekteskapslova § 11. Ekteskap blir inngått ved at brudefolka møter for ein vigslar. «Møter» må tolkast bokstavleg. Det må vere eit fysisk møte der vigslaren og brudefolka er til stades samstundes og brudefolka erklærer at dei vil gifte seg med kvarandre. To vitne skal vere til stades.

Faktum opplyser at ekteskapet vart inngått ved videomøte der vigslaren heldt til på jorda og brudefolka i verdsrommet. Dette tilfredsstiller ikkje vilkåret om eit fysisk møte i § 11. Ekteskapet er derfor å rekne som ikkje inngått, jf. § 16(1).

Det er ikkje opplyst noko om vitne. Ekteskapslova § 11 krev at dei også er til stades under vigselen. Ekteskapet kan også bli ugyldig på dette grunnlaget.