Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øvingar side 84–85

2.3.3

Øivind hevdar at han har rett til å bruke ein bil som Kjersti eig. Det kan tenkjast to grunnlag for påstanden. Han kan for det første hevde at bilen er felleseige, og at han har medeigedomsrett, jf. ekteskapslova § 31. Dersom begge ektefellane er eigarar, har dei begge rett til å råde over han. For det andre kan Øivind vise til reglane om den gjensidige underhaldsplikta ektefellane har, jf. § 38.

Eg drøftar først spørsmålet om råderett på grunnlag av ekteskapslova § 31. Den nye bilen (Volvoen) er kjøpt med midlar som stammar frå Kjerstis sportsbil. Oppgåva har ikkje opplysningar som gir grunn til å vurdere sameige, jf. § 31(2). Kjersti eig bilen aleine. Hovudregelen er at kvar ektefelle råder fritt over det han eller ho eig, jf. § 31(1). Å råde betyr mellom anna å bestemme kven som skal ha fysisk rådvelde.

Unntak frå råderetten er bestemt i §§ 32 og 33. Ingen av desse reglane er aktuelle.

Konklusjonen blir at Kjersti kan nekte Øivind å bruke bilen.

Neste spørsmål er om Øivind også kan vise til den gjensidige underhaldsplikta som ektefellar har etter § 38. Etter § 38(1) andre setning har Kjersti plikt til å bidra med pengar, verksemd i heimen eller på «annan måte» for underhald av familien eller til å dekkje særbehov hos den andre ektefellen. Øivind vil kanskje hevde at underhaldsplikta inneber ei plikt for Kjersti til å la han bruke bilen for å dekkje særbehovet sitt for transport.

Kjersti må stå fritt til å låne bort bilen til dei ho meiner er skikka som bilførar. Ho er i sin fulle rett til å nekte Øivind å bruke bilen. Omsynet til trafikktryggleiken taler for. Kjersti kan oppfylle sin del av underhaldsplikta på andre måtar enn ved å låne bort bilen. Ho kan til dømes kjøpe ein sykkel til Øivind eller betale for bussen, dersom Øivind ikkje har tilstrekkeleg med midlar sjølv til å dekkje særbehovet sitt for transport.

2.3.4

  1. Det følgjer av ekteskapslova § 31 at ektefellane kan råde fritt over eigne pengar. Det følgjer også av prinsippet i § 31 at ektefellane har kvar sin økonomi, og at Mette kan ta opp lån for å finansiere seglbåten med mindre låneopptaket er i strid med § 32 eller § 33. Ho kan til dømes fritt kjøpe seg ein seglbåt som heilt eller delvis blir finansiert med usikra lån eller eit lån med pant i seglbåten eller andre eigedelar som ikkje fell inn under §§ 32 eller 33.

  2. Erling kan nekte Mette å ta opp lån med pant i leilegheita, jf. § 32. Sjølv om Mette eig leilegheita aleine, er det ein felles bustad. Leilegheita kan derfor ikkje pantsetjast utan samtykke frå ektefellen.

    Dersom Erling ikkje samtykkjer, kan Mette som ektefelle eller långivaren (dersom Mette har inngått låneavtale) krevje at tingretten avgjer spørsmålet om disposisjonen (pantsetjinga) skal tillatast, jf. § 32(2). Dersom pantsetjinga er beskjeden i forhold til verdien av heile leilegheita, og det ikkje er tvil om at Mette kan betale renter og avdrag på gjelda, er det ikkje rimeleg grunn til å nekte samtykke, fordi Erlings behov for ein stad å bu ikkje blir trua. Da vil tingretten godkjenne disposisjonen trass i Erlings manglande samtykke.

2.3.5

Jokke meiner at han kan selje reinsdyra og lavvoen utan samtykke frå ektefellen.

Utgangspunktet i ekteskapslova § 31 er at kvar ektefelle råder fritt over eigne eigedelar. Jokke tok med seg reinsdyr og lavvo inn i ekteskapet. Han er derfor eineeigar av desse eigedelane og kan råde over dei som han vil, til dømes selje dei.

Det er klart at reinsdyra kan seljast. For dei gjeld ingen unntaksregel frå § 31. Spørsmålet blir om ekteskapslova § 32 gjeld for salet av lavvoen. Etter denne regelen krevst det samtykke frå den andre ektefellen for å «overdra» (til dømes selje) eigedom som blir brukt som felles bustad.

I utgangspunktet kan ektefellane ha fleire enn éin eigedom som blir nytta til bustad. Jokke og Asta har eit lite hus i Kautokeino som felles bustad, men det hindrar ikkje at dei også kan ha ein annan stad som felles bustad, til dømes på vidda når dei treng å vere nær reinsdyra sine. Det kan likevel vere tvil om ein lavvo er ein «eigedom». Folk flest vil kanskje seie at ein lavvo er eit telt. Eit telt kan på tilsvarande måte som campingvogner, bubilar og husbåtar vere felles bustad, men slike eigedelar er neppe eigedommar.

Sjølv om lavvoen blir sett på som ein så fast installasjon at han kan reknast som eigedom, er han ikkje fritidseigedom. Fritidseigedommar blir ikkje rekna som felles bustad. Lavvoen er vel meir å rekne som eit nødvendig driftsmiddel for Jokkes næringsverksemd, det vil seie reindrifta.

Eg har komme til at Jokke kan selje reinsdyra og lavvoen utan samtykke frå ektefellen.

2.3.6

Spørsmålet er om ein elvebåt som Nils eig, kan seljast utan samtykke frå ektefellen hans.

Utgangspunktet er at Nils råder fritt over det han eig, jf. § 31. Spørsmålet er om § 32 kan nyttast. Etter denne regelen krevst det samtykke for å overdra (selje) eigedom som blir nytta som felles bustad.

Så vidt eg veit, er det ikkje avklart i rettspraksis om ein elvebåt kan vere eigedom som blir brukt som felles bustad. Det er mogleg at ein langvarig leigekontrakt om båtplass kan samanliknast med leigebustad. I så fall er båtplassen med båt ein eigedom. Dersom Nils og Nina har fått plassen folkeregistrert som bustadadresse, trur eg dette kan falle inn under § 32. Ei slik form for bustad er ikkje heilt ukjend, særleg i ein del andre land.

Dersom Nils og Nina køyrer rundt omkring med båten og oppheld seg i korte periodar på éin stad om gongen, trur eg ikkje at båten kan vere «eigedom». Da kan den seljast fritt.