Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 38

  1. Kva er meint med foreldreansvar?

    Hovudregelen om innhaldet i foreldreansvaret følgjer av barnelova § 30. Innhaldet i foreldreansvaret er todelt. Den eine delen gjeld plikta foreldra har til å gi omsorg. Den andre delen omfattar plikta og retten foreldra har til å ta avgjerder på vegner av barnet. Retten til å bestemme om dei personlege forholda til barnet gjeld til dømes spørsmål om oppseding, utdanning, bustad, tilknyting til trussamfunn osv. Retten til å bestemme i økonomiske forhold er regulert av verjemålslova.

  2. Kva er meint med medbestemmingsretten til barn?

    Barnelova bruker ikkje omgrep som medbestemming og sjølvbestemming. Reglar om medbestemming følgjer mellom anna av § 31 som bestemmer at barn skal høyrast før det blir teke avgjerd om dei personlege forholda til barnet. Spørsmål om fast bustad og samvær i samband med samlivsbrot er framheva i § 31(2). Det kan vere saksbehandlingsfeil dersom meininga til barnet ikkje har vorte høyrd før det blir teke avgjerder om slike forhold. Frå fylte 7 år er regelen at barnet skal høyrast, og frå fylte 12 år skal ein leggje stor vekt på det barnet meiner.

  3. Kva er meint med sjølvbestemmingsretten til barn?

    Sjølvbestemming betyr at barnet bestemmer sjølv. Barnet har nokså omfattande sjølvbestemmingsrett etter at det har fylt 15 år, til dømes om utdanning og medlemskap i foreiningar, også medlemskap i trussamfunn, sjå barnelova § 32. I økonomiske forhold har barn som har fylt 15 år, sjølvbestemmingsrett om arbeidsavtalar og til å bruke midlar som er tente ved eige arbeid eller eiga verksemd, sjå verjemålslova §§ 10 og 12.

  4. Kven har foreldreansvar dersom foreldra er gifte?

    Gifte foreldre har foreldreansvar saman, jf. barnelova § 34(1).

  5. Kven har foreldreansvar dersom foreldra bur saman utan at dei er gifte?

    Sambuande foreldre har foreldreansvar saman, jf. § 35(2). Sambuarane får automatisk felles foreldreansvar dersom dei har same folkeregistrerte adresse, jf. § 39 tredje setning. Dersom dei ikkje har same folkeregistrerte adresse, må dei sende ei erklæring til folkeregisteret om at dei bur saman.

  6. Kven har foreldreansvar dersom foreldra verken er gifte eller bur saman?

    Mora har foreldreansvaret alene dersom foreldra ikkje er gifte eller bur saman, jf. § 35(1). Det har vore diskusjon om foreldreansvaret også bør vere delt i desse tilfella. Det er no vedteke ei endring av regelen som går ut på delt foreldreansvar som hovudregel, men likevel slik at mora berre kan gi melding til folkeregisteret om at ho ønskjer å ha foreldreansvaret aleine. Faren kan gi melding dersom han ikkje ønskjer foreldreansvar. I skrivande stund er det ikkje fastlagt dato for når endringa skal ta til å gjelde.