Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 31

  1. Kva er meint med «pater est-regelen»?

    «Pater est» betyr «far er». Pater est-regelen er ein regel om at ein ektemann er å rekne som far til barn fødd i ekteskapet, jf. barnelova § 3(1). Regelen er ein såkalla presumsjonsregel. Dersom ingen reiser sak om farskapsspørsmålet og beviser at ein annan enn ektemannen er far, er ektemannen far. Før vi hadde DNA-analyse, kunne det vere komplisert å slå fast eit farskap, men no er det enkelt. Regelen har truleg ført til nokre tilfelle der ektemannen er far, trass i at ein annan mann er den biologiske faren. Det blir ikkje sett på som ein katastrofe om så av og til skjer, eller kva meiner du?

  2. Korleis blir farskap som regel fastslått når mor ikkje var gift ved fødselen?

    Ugifte foreldre får foreldreansvar etter barnelova § 35. Ugift mor som ikkje har sambuar (aleinemor), får foreldreansvaret aleine, jf. § 35(1). Ugifte foreldre med same folkeregistrerte adresse får automatisk foreldreansvar saman for felles barn, jf. § 35(2), jf. § 39 andre setning. Ugifte foreldre som ikkje har same folkeregistrerte adresse, og som ønskjer felles foreldreansvar, må avtale dette og melde det til folkeregisteret, jf. § 39 andre setning.

  3. Kva er meint med medmor?

    Medmor til eit barn er den kvinna som mora var gift med ved fødselen når barnet vart avla med assistert befruktning innanfor godkjent helsestell og med samtykke frå kvinna til befruktninga, jf. barnelova § 3(2). Kvinneleg sambuar kan erklære medmorskap etter § 4(5).

  4. Kva er meint med surrogatmor?

    Surrogatmor er ei kvinne som blir gjord gravid med befrukta framandt egg. Ei surrogatmor leiger eller låner ut livmora si for å bere eit befrukta egg fram til fødsel. Eggdonasjon og surrogati er ulovleg i Noreg, men det er ikkje ulovleg å vere foreldre til surrogatbarn. Det er derfor lovleg å reise til utlandet og få barn der ved hjelp av surrogatmor.

  5. Kva slags forhold gjer det aktuelt for eit barn å få farskap fastslått?

    Barn har ein menneskerett til å få vite kven som er far og mor, men ikkje til å vite kven som er biologisk far dersom ein er fødd ved assistert befruktning. Det er det juridiske farskapet som skal slåast fast slik at grunnleggjande reglar om foreldreansvar og arverett kan få verke. Eit typisk døme er farskap som må avklarast dersom det i eit arveoppgjer dukkar opp ein person som påstår å vere livsarving etter ein avdød mann.

  6. Kven kan reise sak om endring av farskap?

    Etter barnelova § 6 kan barnet, kvar av foreldra og ein annan som meiner han er far til barnet, reise sak om farskapet ved domstolane. Andre personar kan ikkje reise sak for å få farskapet endra. Andre arvingar som meiner at eit av dei andre barna i verkelegheita ikkje er barn til den avdøde faren, kan til dømes ikkje reise sak om farskapet.