Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 127

  1. Kva skil eit sambuarskap frå eit ekteskap med omsyn til deling av formue ved samlivsbrot?

    Reglane om felleseige og deling for ektefellar gjeld ikkje for sambuarar. Ugifte personar som har levd saman, deler formuen som om dei har særeige. For eigedelar som begge eig, gjeld reglane i sameigelova om oppløysing av sameige.

  2. Kva bør sambuarar gjere dersom dei ønskjer formuesforhold seg imellom som liknar formuesforhold hos ektefellar?

    Dei kan opprette ein sambuaravtale med reglar om at aktuelle paragrafar heilt eller delvis skal gjelde tilsvarande for sambuarar.

  3. Kva er rekna som sambuarskap etter husstandsfellesskapslova frå 4. juli 1991?

    Sambuarskap etter § 1 i lova ligg føre når to eller fleire ugifte personar over 18 år bur saman i ein husstand. Definisjonen er såleis mykje vidare enn i ein del andre lover der sambuarskap er rekna som to ugifte personar som lever saman i eit ekteskapsliknande forhold.

  4. Kva vilkår må vere oppfylte ved eit samlivsbrot for at ein sambuar kan få rett til å overta bustadeigedom som heilt eller delvis høyrer til den andre sambuaren?

    Husstandsfellesskapslova § 3 gjeld ved oppløysing på annan måte enn ved død. Regelen gjeld derfor ved samlivsbrot mellom sambuarar. Regelen gir mellom anna éin av partane rett til å overta bustadeigedom, jf. § 3(1) nr. 3. Det krevst såkalla sterke grunnar. Det er særleg behova til barna og omsynet til den som skal ha den daglege omsorga, som avgjer.