Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 108

  1. Kva slags formue skal likedelast?

    Det er berre felleseige som er omfatta av likedelingsregelen, jf. § 58(1) første setning. Regelen gjeld ikkje særeige.

  2. Kva konsekvensar har fellesgjeld for likedelinga?

    Det følgjer av § 58(2) at det er nettoformuen, det vil seie bruttoformuen (rådveldedelen i felleseiget) til kvar ektefelle minus gjelda til ektefellen, som blir likedelt. Døme: Dersom A har bruttoformue på kr 400 000 og B ein bruttoformue på kr 1 000 000, og ektefellane har fellesgjeld på kr 800 000, vil A bidra med kr 0 og B med kr 600 000 til likedelinga. Kvar ektefelle får halvparten av kr 600 000, det vil seie kr 300 000, frå likedelingsmidlane.

  3. Kva konsekvensar har særgjeld, til dømes studiegjeld, for likedelinga?

    Jo meir særgjeld ein ektefelle har, desto mindre bidreg han eller ho til likedelinga. Det kjem av at det kan krevjast frådrag for heile særgjelda før likedelinga, sjå § 58(2).