Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 104

  1. Kva for fire kategoriar av eigedelar kan ektefellar ha?
    • Felleseige som kan delast i eineeige og sameige.
    • Særeige som også kan vere eineeige eller sameige.
  2. Kva er meint med skjeringsregelen i § 60?

    Skjeringsregelen bestemmer ervervstidspunktet (skjeringstidspunktet) for dei eigedelane som skal vere med i delingsoppgjeret. Formue som er erverva etter skjeringstidspunktet, er delinga uvedkommande.

    Skjeringstidspunktet blir bestemt slik ut frå § 60(1) bokstav a:

    • Krav om separasjon kjem inn til Fylkesmannen, eller
    • stemning med krav om separasjon eller skilsmisse kjem inn til retten, eller
    • samlivet vart brote (dersom det skjedde først)

    Vi viser elles til § 60(1) bokstavane b, c og d og § 60(2) for enkelte spesialtilfelle.

    Skjeringsregelen gjeld både ved erverv av eigedelar og ved stifting av gjeld som det kan krevjast frådrag for, sjå § 60(3).

  3. Kva for eigedelar kan haldast utanfor delinga etter § 61?
    • Eigedelar som berre er til personleg bruk, til dømes klede, jf. § 61 bokstav a.
    • Diverse rettar i offentlege trygdeordningar osv., sjå § 61 bokstav b.
    • Andre, ikkje overdragbare eigedelar av personleg karakter, jf. § 61 bokstav c. Som døme, sjå Pokaldommen (RT-1940-379).