Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øvingar side 121–123

2.5.6

  1. Anne har kravd skeivdeling av leilegheita, jf. ekteskapslova § 59. Skeivdeling blir som hovudregel berre innrømt for eigedelar som ein part har teke med inn i ekteskapet da det begynte, eller seinare ved arv eller gåve, jf. § 59(1). I dette tilfellet vart leilegheita ført inn av begge i fellesskap i byrjinga, men under ekteskapet. Skeivdeling er av den grunn ikkje aktuelt på grunnlag av § 59(1).

    Det kan reisast spørsmål om skeivdeling på grunnlag av § 59(3). Det krevst «sterke grunnar». Dette er ei sterk formulering. Forarbeid og rettspraksis fortel klart og tydeleg at det skal mykje til for å bli innrømt skeivdeling etter denne regelen. Paragraf 59(3) skal vere ein snever unntaksregel.

    Blant dei momenta som kan spele ei rolle, er kortvarig ekteskap, barnlaust ekteskap og om ein ektefelle treng eigedelen som grunnlag for framtidige inntekter og livsgrunnlag.

    Det går ikkje fram av ordlyden at den eigedelen som skal gi grunn for skeivdeling etter § 59(3), må vere eigd av ektefellen. Etter første ledd kan det berre krevjast skeivdeling for eigedelar som «ein ektefelle hadde», det vil seie eigen eigedel. Eg går ut frå at det også er tilfellet for skeivdeling etter tredje ledd. Skeivdelingskravet må derfor avgrensast til den prosentdelen av bustaden som høyrde til Anne.

    Sidan Anne nedbetalte gjelda, kan ho seiast å ha finansiert 75 % av bustaden som vart kjøpt for 1 000 000 kroner. Ho kan derfor maksimalt krevje skeivdeling for 75 % av bustadverdien på kr 2 000 000.

    Ekteskapet har vart i sju år. Det er ein så lang periode at det taler mot skeivdeling.

    Eg reknar med at paret er barnlaust, sidan vi ikkje har opplysningar om barn. Anne treng derfor ikkje bustaden for oppfostring av barn. Det taler mot skeivdeling.

    Bustaden er ikkje ein nødvendig inntektsgivande eigedel for Anne, til dømes som utleigebustad. Ho har ei godt lønt stilling og har ikkje meir bruk for bustaden enn det Else har. Dette taler mot skeivdeling.

    Eg kan etter dette ikkje sjå at det ligg føre «sterke grunnar» for skeivdeling etter § 59(3). Annes krav blir derfor å avvise.

  2. Anne har kravd leilegheita utlevert til seg. Kravet blir oppfatta som eit krav om naturalutlegg etter § 66. Etter denne regelen kan Anne krevje naturalutlegg for eigedelar som ho «fullt ut eller for det vesentlige eier». Det er altså eit krav om vesentleg eigarskap. Naturalutlegg føreset at Annes nedbetaling av pantegjeld på bustaden er å rekne som hennar finansiering, og at prinsippa i Husmordommen (RT-1975-220) ikkje kan nyttast. Ein dom av 29.4.1998 (omtalt av Lødrup/Sverdrup: Familierett, s. 271) gav eigedomsrett til ein ektefelle som hadde nedbetalt pantegjelda. Sidan ekteskapet er barnlaust, trur eg Anne har gode moglegheiter for å få godkjent at ho eigde 75 % av bustaden. Det skal visstnok vere tilstrekkeleg for å konstatere vesentleg eigarskap. Konklusjonen blir derfor at Anne får medhald i kravet sitt om naturalutlegg.

    Etter § 70 må Anne betale til Else verdien av det som overstig det ho har krav på. Det samla felleseiget er kr 2 400 000 (bustaden pluss andre eigedelar). Anne har krav på halvparten, jf. § 58, det vil seie kr 1 200 000. Ved å få bustaden utlevert til seg får ho kr 800 000 meir enn det ho har krav på. Anne må derfor betale kr 800 000 til Else.

2.5.7

Forslag til deling:

Camilla Roger Sum
Kano 20 000 0 20 000
Campingvogn 70 000 0 70 000
Bil 0 60 000 60 000
Sportsbil 180 000 0 180 000
Fiskeskøyte 1 130 000 1 130 000
Bustad med innbu 360 000 360 000 720 000
Bankinnskot 40 000 80 000 120 000
Bruttoformue med i delingsoppgjeret 670 000 1 630 000 2 300 000
– Frådrag for skeivdeling, § 59(1) 90 000 1 190 000 1 280 000
– Frådrag for fellesgjeld, § 58(1) 210 000 210 000 420 000
– Frådrag for gjeld, § 58(3) bokstav a 85 000 0 85 000
Nettoformue, bidrag til likedeling 285 000 230 000 515 000
Nettoformue / 2 257 500
Partane får i alt 642 500 1 657 500 2 300 000

Bruttoformuen for Camilla er kr 670 000 og for Roger kr 1 630 000.

Eg går ut frå at ektefellane kan skeivdele i medhald av § 59(1). Camilla tok med seg ein kano og ei campingvogn inn i ekteskapet og kan krevje skeivdeling for desse eigedelane i medhald av § 59(1). Ho får ikkje skeivdeling for verdien av sportsbilen sidan han vart kjøpt etter at ekteskapet vart inngått. Eg går også ut frå at Roger kan skeivdele verdien av bilen som han tok med seg inn i ekteskapet, og fiskeskøyta som vart ført inn ved arv. Camilla kan halde kr 90 000 og Roger kan halde kr 1 190 000 utanfor delinga, i medhald av skeivdelingsregelen. Det ligg ikkje føre viktige haldepunkt for å avgrense skeivdelingskrava etter § 59(2), og det er heller ikkje opplysningar som tilseier skeivdeling av «sterke grunnar» etter § 59(3).

Begge kan etter § 58(1) halde verdiar utanfor deling for å dekkje fellesgjelda, det vil seie kr 210 000 for kvar. Camilla kan i tillegg krevje gjeld som er skaffa ved erverv av sportsbilen, utanfor delinga sidan verdien av sportsbilen ikkje kan skeivdelast. Ho får frådrag for kr 85 000. Men Roger kan ikkje krevje frådrag for gjelda på kr 30 000. Grunnen til det er at dette er gjeld som har komme ved påkostnad på ein eigedel som er halden utanfor oppgjeret etter § 59(1).

Resultatet blir etter dette:

Camilla får skeivdelingsmidlar for kr 90 000 og midlar til å dekkje gjeld for kr 295 000, og dessutan likedelingsmidlar for kr 257 500. Ho får i alt kr 642 500.

Roger får skeivdelingsmidlar for kr 1 190 000 og kr 210 000 til å dekkje gjeld, og dessutan likedelingsmidlar for kr 257 500. Han får i alt kr 1 657 500.

2.5.8

Læraren har løysingsforslag.

2.5.9

Læraren har løysingsforslag.