Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 84

  1. Kva er meint med råderett?

    Kortversjonen er at råderett over ein eigedel betyr retten til å bestemme over tingen.

    Råderetten kan delast i fysisk og juridisk råderett. Den fysiske råderetten består i retten til å bruke tingen fysisk. Den juridiske råderetten er retten til å gjere avtalar eller gi einsidige lovnader om bruken, til dømes retten til å selje, pantsetje, leige bort eller låne bort tingen.

    Det er i utgangspunktet eigaren som har råderett over eigne ting. Eig han eller ho tingen i eineeige, har vedkommande eineråderett. Dersom tingen er i sameige, har eigarane felles råderett som dei må utøve etter reglar i sameigelova.

  2. Kva er hovudregelen om råderetten ektefellar har over verdiar og eigedelar i eit ekteskap?

    Det følgjer av § 31(1) at ekteskapet ikkje fører til endringar i eigedomsretten. Det du eigde før ekteskapet, eig du også etter at det er inngått. Du bestemmer sjølv kva du vil gjere med det du eig. Fellesformuen i eit ekteskap består derfor av to rådveldedelar, og kvar rådveldedel består av det kvar ektefelle eig.

  3. Kva for samanhengar er det mellom nemningane eineeige, sameige, felleseige og særeige?

    Formuen til ektefellar er felleseige med mindre det er avtalt særeige, eller særeige er bestemt i testament frå ein gåvegivar; jf. §§ 42 og 48. Både felleseige og særeige kan ha eigedelar som er eineeige eller sameige. Det er viktig å forstå at formue som er felleseige, kan vere eineeige til kvar enkelt. Felleseige betyr ikkje det som ordlyden tyder på, at noko er eigd i fellesskap.

  4. Kva for avgrensingar gjeld for råderetten til ektefellar?

    Ekteskapslova har to reglar om unntak frå hovudregelen om råderetten til ektefellar over eigne eigedelar. Paragraf 32 avgrensar råderetten over felles bustad, og § 33 avgrensar retten til å råde over vanleg innbu.

    Ekteskapslova § 32(1) bokstav a krev samtykke frå den andre ektefellen ved overdraging (gåve eller sal), pantsetjing eller endringar i eventuell leigeavtale. Ein eigarektefelle som til dømes ønskjer å stille bustaden som sikkerheit for eit lån for å finansiere eit bilkjøp, må få samtykke til pantsetjinga frå den andre ektefellen. Dersom eigarektefellen ikkje får samtykke, kan han eller ho føre spørsmålet inn for tingretten, jf. § 32(2). Retten skal gi løyve dersom det ikkje er rimeleg grunn til å nekte. Ei mindre pantsetjing som ikkje skaper særleg risiko for tvangssal, bør kunne gjennomførast utan samtykke frå den andre ektefellen.

    Ekteskapslova § 33 har ein tilsvarande regel som § 32 for vanleg innbu. Det krevst ei skjønnsmessig vurdering for å trekkje grensa mellom vanleg og uvanleg innbu. Kostbar kunst kan vere uvanleg innbu som eigarektefellen kan råde over utan samtykke frå den andre.