Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 48

  1. Kva skjer med foreldreansvaret når foreldra separerer eller skil seg?

    Foreldre som separerer eller skil seg, held fram med å ha delt foreldreansvar med mindre dei avtaler noko anna, jf. § 34(2).

  2. Kva skjer med foreldreansvaret når sambuande foreldre bryt samlivet og flyttar frå kvarandre?

    Sambuande foreldre har felles foreldreansvar etter § 35(2). Dei held fram med å ha felles foreldreansvar også etter samlivsbrotet.

    I dei tilfella der foreldra ikkje budde saman da barnet vart fødd, hadde mora foreldreansvaret aleine etter § 35(1). Når foreldra vart sambuarar, vart foreldreansvaret likevel delt, jf. § 39 tredje setning, med mindre dei har registrert avtale om at mora skulle halde fram med å ha foreldreansvaret aleine. Dersom samlivet blir brote og far flyttar ut, kan det reisast spørsmål om foreldreansvaret automatisk blir ført attende til situasjonen i § 35(1), det vil seie at mora får aleineansvaret tilbake. Ordlyden i lova løyser ikkje problemet, men ein må gå ut frå at foreldreansvaret blir verande delt etter samlivsbrotet. Når faren først har fått foreldreansvar saman med mora, kan ikkje dette takast frå han berre av den grunn at samlivet blir brote.

    Det er vedteke ei lovendring slik at § 34(2) skal gjelde tilsvarande. Det vil seie at foreldreansvaret held fram med å vere delt på same måten som når ektefellar bryt samlivet. Det er ikkje fastsett dato for når lovendringa skal ta til å gjelde.

  3. Kva skjer i spørsmålet om fast bustad dersom foreldre med delt ansvar bryt samlivet?

    Foreldra kan gjere avtale om fast bustad for barna etter § 36. Dei kan avtale delt fast bustad, eller at barna skal bu fast hos berre den eine. Dersom foreldra ikkje kjem fram til semje, må retten avgjere at barna skal bu hos ein av dei. Retten har eit snevert høve til å bestemme delt fast bustad mot viljen til ein av foreldra. Det krevst særlege grunnar. Det ligg ikkje føre høgsterettspraksis på kva som er «særlege grunnar», men forarbeid og noko rettspraksis frå lagmannsretten peiker på kva som skal vurderast. Foreldra må bu så nær kvarandre at barna kan halde på kontakt med venner og fritidsaktivitetar. Dei må kunne gå på same skole eller barnehage. Foreldra må kunne samarbeide og ikkje ha eit høgt konfliktnivå. Det er i forarbeida uttalt at dei minste barna er sårbare, og at barn under sju år ikkje bør ha delt fast bustad. Kva barna meiner, skal ein høyre på, og dei bør trivast med ordning.

  4. Kva er meint med samværsrett?

    Samværsrett er i utgangspunktet ein rett for barnet til samvær med begge foreldre sjølv om foreldra lever kvar for seg, jf. barnelova § 42. Foreldra har også rett til samvær, jf. § 43. Den av foreldra som ikkje bur fast saman med barnet, har rett til samvær, som bør avtalast nærmare etter § 43. Dersom samvær ikkje er til beste for barnet, kan retten bestemme at det ikkje skal vere samvær.

  5. Kva er meint med «vanleg samværsrett»?

    Vanleg samværsrett er definert i § 43(2) tredje setning. Vanleg samværsrett gir rett til samvær ein ettermiddag i veka med overnatting, annakvar helg, tre veker i sommarferien og annankvar haust-, jule, vinter- og påskeferie. Vanleg samværsrett er såleis basert på eit 50–50-prinsipp i helgar og feriar, og elles eit kort samvær i kvardagane. Slik samværsrett passar ikkje spesielt godt dersom barna er små og foreldra bur langt frå kvarandre. Dersom samvær ein ettermiddag i veka og annakvar helg fører til eit oppstykkja tilvære med lange reiser, vil ei ordning med mindre samværsfrekvens, men lengre periodar kunne verke betre.