Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 74

  1. I kor stor grad er alder ei hindring for å kunne inngå ekteskap?

    Hovudregelen er at du må vere myndig, det vil seie fylt 18 år, for å kunne gifte deg, jf. § 1a. Regelen følgjer også av verjemålslova § 9 som bestemmer generelt at du må vere myndig for å gjere rettslege handlingar.

    Fylkesmannen kan gi løyve til ekteskap sjølv om ein av partane ikkje er myndig, men ikkje dersom nokon av dei er under 16 år. Det følgjer av straffelova § 262 som gjer det straffbart å gifte seg med mindreårige personar under 16 år.

    For personar som har fylt 16 år, men ikkje 18 år, krevst det samtykke både av dei som har foreldreansvaret (som regel far og mor), og Fylkesmannen. Det er ikkje kurant å få samtykke frå Fylkesmannen til å gifte seg før myndigheitsalderen. Det krevst som regel sterke grunnar.

    Dersom brura er gravid, blir ekteskap berre nekta dersom sterke grunnar taler mot ekteskapet. Det er ingen katastrofe om ein gravid 16-åring ventar til ho blir myndig med å gifte seg, men det er som regel heller ikkje mykje som taler for å nekte ekteskap dersom dei to ungdommane ønskjer å gifte seg i ein slik situasjon. I nokre tilfelle kan religiøs overtyding nyttast som argument for å få løyve.

  2. I kor stor grad er slektskap mellom brudefolka ei hindring for å inngå ekteskap?

    Ekteskap mellom slektningar i rett opp- eller nedgåande linje eller mellom søsken er ikkje tillate, jf. § 3. Halvsøsken er også ramma av forbodet. Regelen er grunngitt med arvebiologiske og etiske omsyn. Du kan ikkje gifte deg med broren din eller søstera si, og heller ikkje med mora di eller faren din.

    Forbodet gjeld også adoptivbarn. Dersom du er adoptert inn i ein familie, kan du ikkje gifte deg med ein bror eller ei søster som er biologisk barn til adoptivforeldra dine. Denne regelen kan ein ikkje grunngi med arvebiologi, berre med at slike ekteskap blir rekna som uetiske og støytande.

    Regelen blir tolka antitetisk, det vil seie at du kan gifte deg med personar som ikkje er ramma av ordlyden i § 3. Du kan til dømes gifte deg med ein onkel, ei tante, ein fetter eller ei kusine fordi slike slektningar ikkje er i rett opp- eller nedgåande linje eller søsken.

  3. Kva for formelle vilkår gjeld for å inngå eit gyldig ekteskap i Noreg?

    Formelle vilkår er dei som knyter seg til framgangsmåten, og som det er gjort greie for i ekteskapslova § 11. Brudefolka må møte for ein godkjend vigslar (sjå § 12). Dei må vere til stades samstundes. Det er derfor ikkje mogleg å inngå ekteskap ved hjelp av ein som stiller i staden for deg. Brudefolka må uttrykkjeleg erklære at dei vil gifte seg med kvarandre. Stillteiande samtykke er ikkje nok.

  4. Kva status har utanlandske ekteskap i Noreg?

    Ekteskap i utlandet blir godkjende i Noreg dersom dei er gyldige etter utanlandsk rett, jf. § 18a. Ekteskapet blir likevel ikkje godkjent dersom det verkar støytande etter norsk rettsoppfatning. Dersom du tidlegare vart gift som 14-åring i eit anna land og dette var gyldig etter lovene i landet, blir det likevel ikkje godkjent i Noreg som eit gyldig ekteskap, fordi ekteskapet verkar støytande for oss i Noreg. Det er fordi det etter norsk lov er straffbart å ha seksuelt samkvem med personar under 16 år.

  5. Kva vilkår blir stilte til eit sambuarskap dersom det skal vere i samsvar med definisjonen i arvelova av sambuarar?

    Eit sambuarskap etter arvelova kan berre bestå av to personar. Ein del bufellesskap med tre eller fleire personar blir altså ikkje godtekne som sambuarskap.

    Sambuarar kan ikkje samstundes vere gifte med andre personar. Dersom A og B er gifte, og B flyttar ut og slår seg saman med C, blir det nye forholdet mellom B og C ikkje eit sambuarskap ut frå arvelova og ei rekkje andre lover der sambuarskap har rettsleg betydning. A og B må skilje seg for at B skal kunne etablere sambuarskap med C.

    Sambuarar kan heller ikkje ha andre sambuarskap. Dersom A og B er sambuarar, og B flyttar for å slå seg saman med C, må flyttinga innebere eit samlivsbrot mellom A og B før det blir eit nytt sambuarskap mellom B og C. B kan ikkje leve i to sambuarskap samstundes.

    Sambuarskap må vere ekteskapsliknande for å få arverettslege og ein del andre rettslege konsekvensar.