Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øvingar side 89–91

2.3.7

Spørsmålet er om ektefellane har felles ansvar for å betale husleiga, trass i at berre ein av dei står oppført som leigetakar.

Eg drøftar først spørsmålet på grunnlag av den gjensidige underhaldsplikta, jf. § 38. Ektefellane har saman ansvar for utgiftene til felles hushald og andre fellesbehov. Behovet for bustad høyrer til kjernen av desse utgiftene. Det blir derfor konstatert at Ane og Britt har eit felles ansvar for husleiga.

Husleige blir som regel betalt forskotsvis. Skuldig husleige er gjeld. Sidan det berre er Ane som er part i husleigeavtalen, er det i utgangspunktet ho som blir ansvarleg for skuldig husleige. Hovudregelen i § 40 om gjeldsstifting er at ein ektefelle ikkje kan stifte gjeld for den andre ektefellen. Spørsmålet er om utleigaren kan rette seg til begge ektefellane for å få dekt eventuell husleigegjeld, eller om han berre kan rette kravet mot Ane.

Utleigaren kan halde begge ektefellane ansvarleg for skuldig husleige dersom § 41 kan nyttast på forholdet. Leige av felles bustad er spesielt nemnd i § 41(1) andre og tredje setning. Avtalar om husleige blir rekna som inngått med ansvar for begge ektefellane dersom ikkje anna går fram av forholdet. Det gjer det ikkje. Det einaste argumentet mot fellesansvar er at Ane er den formelle parten i husleigeavtalen, men sidan begge bur fast i leilegheita som ektefellar, vil ansvaret vere felles.

2.3.8

Det er oppgitt at gjenstandane er kjøpte på kreditt. Spørsmålet er derfor om ektefellane har felles gjeldsansvar i medhald av § 41.

Felles gjeldsansvar gjeld for vanlege avtalar om dagleg hushald, oppfostring av barn og dekning av særbehova til kvar ektefelle.

  1. Mat høyrer til «dagleg hushald». Felles ansvar.

  2. Barnevogn høyrer til «oppfostring av barna». Felles ansvar.

  3. Leige av bustad er omfatta, jf. § 41(1) andre setning. Felles ansvar.

  4. TV. Det kan vere tvil om kjøp av TV høyrer til det daglege hushaldet. TV er ikkje nødvendig for oppfostring av barna, men kjøpet kan vere nødvendig for å dekkje særbehov hos ektefellane. Under tvil: felles ansvar.

  5. Aksjar. Kjøp av aksjar fell utanfor § 41. Eineansvar for kjøparektefellen.

  6. Hattar og luer. Omfanget er så stort at løysinga bør bli som i Hattedommen. Ikkje felles ansvar.

2.3.9

Spørsmålet er om tap ein ektefelle har på aksjar, kan krevjast dekt av den andre ektefellen.

Ekteskapslova § 31 bestemmer at kvar ektefelle råder og heftar med sitt. Dersom ein ektefelle ikkje har nok midlar til å dekkje gjelda som vedkommande har fått i samband med aksjespekulasjon, blir den andre ektefellen som hovudregel ikkje ansvarleg for gjelda, jf. § 40. Medansvar for tapet er berre aktuelt for tilfelle som går inn under § 41. Tap på aksjar høyrer ikkje til dei utgiftene som gir medansvar etter § 41.

2.3.10

Læraren har løysingsforslag.

2.3.11

Læraren har løysingsforslag.

2.3.12

Læraren har løysingsforslag.