Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øvingar side 78

2.3.1

Pers underhaldsplikt følgjer av ekteskapslova § 38. Regelen gir ektefellane eit felles ansvar for å dekkje fellesbehova til familien, med pengar eller arbeid. I tillegg er det bestemt at ektefellane saman også har ansvar for særbehova til kvar ektefelle. Det inneber at både Per og Turid har ansvar for å dekkje Turids særbehov. Sidan det berre er Per som har inntekter, må Turid bidra med arbeid i heimen og såleis gjere det mogleg for Per å dekkje utgiftene til Turids særbehov.

Særlege behov for ein ektefelle omfattar mellom anna utgifter til klede og sko, transport, lege og tannlege. Du må som ektefelle først bruke eigne midlar til eige underhald. Berre når desse ikkje er tilstrekkelege, kan han eller ho i rimeleg utstrekning krevje pengar av ektefellen til å dekkje særbehovet, jf. § 38(2). «I rimeleg utstrekning» inneber at han eller ho ikkje kan krevje pengar for å dekkje dyre og unødvendige luksusbehov.

Kva som er rimeleg, skal tolkast i lys av familieøkonomien. Det kan krevjast meir i rike enn i fattige familiar.

Dersom ein ektefelle har stifta gjeld for å dekkje særbehovet sitt, oppstår spørsmålet om vedkommande kan krevje at den andre betaler gjelda. I slike tilfelle gjeld ekteskapslova § 40. Den som stiftar gjeld utan å kunne betale tilbake, kan krevje at ektefellen tek medansvar for låneavtalen dersom avtalen er vanleg og det er kjøpt varer eller tenester som skal dekkje dei nødvendige behova til ektefellen. Det er her viktig å sjå forskjellen mellom § 38 og § 40. Sjølv om ein ektefelle er forplikta til å gi den andre pengar som skal nyttast til å dekkje dei særlege behova til ektefellen, blir han eller ho berre medansvarleg for gjeld som skal dekkje nødvendige behov. Forskjellen ligg i nemningane «særleg» og «nødvendig». Eg går ut frå at særlege behov omfattar meir enn nødvendige behov.

Vi kan illustrere med eit par dommar. I RG-1979-861 Tannlegedommen var ein ektefelle forplikta til å dekkje tannlegerekninga til den andre. Ein kan gå ut frå at tannbehandling både var eit særleg behov etter § 38 og eit nødvendig behov etter § 40.

I den danske Hattedommen UFR-1932-593 vart ein ektefelle frifunnen frå ei påstått forplikting til å dekkje behovet hos den andre for 27 hattar og 4 luer. Truleg kan vi seie at dette ikkje var eit nødvendig behov som påførte den andre ektefellen medansvar for gjelda. Likevel kunne kona kravd at mannen stilte pengar til disposisjon på førehand, slik at ho kunne dekkje sitt særlege behov for hovudplagg.

Den danske Hattedommen er gammal og gir nok uttrykk for eit forelda syn på kjønnsrollene i eit ekteskap. Likevel er dommen eigna til å illustrere forholdet mellom § 38 og § 40.

2.3.2

Spørsmålet er om Vilde har plikt til å stille pengar til disposisjon for Martin slik at han kan dekkje utgifter til å dekkje sine særlege behov, jf. ekteskapslova § 38.

Martin hevdar at han har krav på halvparten av Vildes inntekter. Han får ikkje medhald i eit slikt krav. Ekteskapslova § 38(2) bestemmer at ein ektefelle kan krevje pengar av den andre for å dekkje utgifter som er nemnde i første ledd, det vil seie utgifter til å dekkje felles hushald og andre fellesbehov, oppfostring av barna og dei særlege behova til ektefellen. Dersom Vilde ikkje sjølv sørgjer for å dekkje fellesbehovet, må ho stille pengar til disposisjon for Martin for dette og for særbehova hans. Inntekter utover det som dekkjer desse behova, kan Vilde behalde for seg sjølv. Det følgjer mellom anna av hovudregelen om rådvelde, jf. § 31.

I familiar med låge inntekter kan den delen av inntektene som kan krevjast stilt til disposisjon for den andre, overskride halvparten og av og til nærme seg 100 prosent dersom det er snakk om svært låge inntekter. I Martins og Vildes tilfelle er det opplyst at Vilde har svært høge inntekter. Dersom Vilde stiller tilstrekkeleg med midlar til disposisjon for Martin, kan ho ha mykje meir enn halvparten att til seg sjølv.