Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 121

  1. Kva er den viktigaste grunngivinga for regelen om skeivdeling av felleseiget til ektefellane?

    Retten til å krevje skeivdeling er grunngitt med at verdiar som ikkje har vorte til ved felles innsats, bør vere unnatekne frå likedeling. Det gjeld særleg dei verdiane ein ektefelle tok med seg inn i ekteskapet, og dei midlane som er erverva ved arv eller gåve frå andre enn ektefellen.

  2. Kva for verdiar kan skeivdelast etter ekteskapslova § 59(1)?

    Skeivdelingsmidlane etter § 59(1) omfattar formue som klart kan førast attende til midlar som ein ektefelle hadde da ekteskapet vart inngått. Det inneber at den verdien midlane hadde på innføringstidspunktet, i alle fall skal skeivdelast. Verdiauke under ekteskapet kan også skeivdelast, men da må verdiauken klart kunne førast attende til starttidspunktet. Verdiauke som kjem av felles innsats, kan ikkje skeivdelast. Avkastning (rente, leigeinntekt osv.) kan også skeivdelast i den grad ho kan førast klart attende til utgangspunktet.

    Verdien av arv og gåve frå andre enn ektefellen under ekteskapet kan også skeivdelast. Dette er også midlar som ikkje kjem frå felles innsats.

  3. Kva verdiar kan skeivdelast dersom slik deling blir innrømt etter ekteskapslova § 59(3)?

    Midlar som ikkje er omfatta av første ledd, kan skeivdelast etter tredje ledd. Det omfattar verdien av midlar som kom inn etter ekteskapsinngåinga, og som ikkje er arv eller gåve. Lova krev såkalla sterke grunnar. Forarbeid og rettspraksis er klar på at dette er ein snever unntaksregel, og at det skal mykje til for å få skeivdelt slike midlar.

    Døme på sterke grunnar for skeivdeling etter § 59(3) kan vere at ekteskapet har vart i kort tid, og at ektefellane ikkje har barn saman. Det finst derfor lite av verdiar som ein kan seie er skapte i fellesskap, og som såleis kan grunngi likedeling. Eit anna døme kan vere at ein av partane har betydelege særeigemidlar, og for å bøte på skeivheita bør den andre få skeivdele verdiar som han eller ho elles ikkje kunne krevje å få skeivdelt.

  4. Kva konsekvensar får skeivdeling for retten til gjeldsfrådrag?

    Konsekvensar for gjeldsfrådraget for ein skeivdelande ektefelle følgjer av § 58(3):

    • Gjeld som er stifta ved erverv eller påkostnader av eigedelar som ikkje blir haldne utanfor delinga, kan det krevjast fullt frådrag for. Dersom ein ektefelle krev skeivdeling for ein landstad, men har gjeld på ein bil som ikkje blir halden utanfor delinga etter § 59, får han eller ho fullt frådrag for gjelda. Regelen følgjer av § 58(3) bokstav a.
    • Gjeld som er stifta ved erverv eller påkostnader av ein eigedel som halden utanfor delinga etter § 59, kan det normalt ikkje krevjast frådrag for. Ektefellen kan sjølvsagt ikkje få frådrag for både verdien av eigedelen og eventuell gjeld. Dersom ein bil til kr 100 000 med påhefta gjeld til kr 70 000 blir halden utanfor delinga, får ektefellen berre frådrag for kr 100 000. Berre dersom gjelda overskrir den totale verdien av særeige og § 59-midlar, kan det krevjast frådrag for det overskytande. Dersom bilen i vårt døme er den einaste eigedelen som blir halden utanfor delinga, er det berre gjeld på bilen utover kr 100 000 som det kan krevjast frådrag for. Regelen følgjer av § 58(3) bokstav b.
    • Anna gjeld kan det berre krevjast «forholdsmessig» frådrag for. Dersom ein ektefelle held 60 % av formuen sin utanfor delinga etter § 59, kan vedkommande berre krevje frådrag for 40 % av anna gjeld. Sidan berre 40 % av formuen til ektefellen bidreg til likedeling, får han eller ho berre frådrag for 40 % av anna gjeld, sjå § 58(3) bokstav c.
  5. Kva er skilnaden på eit verdikrav og eit krav på å få behalde ein bestemt eigedel?

    Eit verdikrav er eit krav på verdiar målt i kroner. Skeivdeling etter § 59(1) er eit døme på ein regel om verdikrav. Den som krev skeivdeling for ein landstad til kr 1 000 000, krev i verkelegheita å få utbetalt kr 1 000 000 før ein reknar ut dei verdiane som skal delast likt. Kravet er ikkje eit krav om å få overta landstaden.

    Eit krav om å få overta ein bestemt eigedel er kalla krav om naturalutlegg. Skilnaden blir klar når ein ektefelle overtek eigedelar som overskrir summen av verdikravet frå ektefellen. Da må ektefellen betale det overskytande til den andre.

  6. Kva vilkår må oppfyllast for at ein ektefelle får behalde ein bestemt eigedel etter ekteskapslova § 66?

    Regelen formulerer vilkåret slik: «eiendeler eller rettigheter som han eller hun fullt ut eller for det vesentlige eier». Dette er vilkåret om vesentleg eigarskap. I praksis og teori blir det hevda at grensa går ved om lag 75 % eigarskap. Det er også eit vilkår at naturutlegget ikkje er openbert urimeleg. Ved vurderinga av eigarskap vil ein kunne hente argument frå Husmordommen (RT-1975-220).

  7. Kva vilkår må oppfyllast for å kunne halde på sin lott i bustad og innbu uavhengig av eigarforholdet?

    Regelen om naturalutlegg for felles bustad og innbu går fram av § 67. Det krevst særlege grunnar. Ein særleg grunn kan vere omsynet til omsorg og ansvar for barn.