Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øvingar side 38–39

2.1.4

  1. Marte har foreldreansvaret for Lise aleine, jf. § 35(1), men Marte og Lars kan avtale at dei skal ha foreldreansvar saman, jf. § 35(3). Ein slik avtale må meldast til folkeregisteret. Blir ikkje det gjort, er han ugyldig, jf. § 39.

  2. Kvar av foreldra kan reise sak om foreldreansvaret, jf. § 56. Lars kan derfor reise søksmål, men grunngivinga for å overta foreldreansvaret må heilt eller delvis kunne knytast til § 48 – det beste for barnet.

2.1.5

  1. Kari hadde foreldreansvaret aleine, jf. § 35(1), sidan ho ikkje var gift eller budde saman med faren da barnet vart fødd.

  2. Spørsmålet er om foreldreansvaret blir automatisk delt som følgje av at Petter flyttar inn i leilegheita og blir bustadregistrert på same adresse som Kari. Innflyttinga inneber at vilkåra i § 35(2) er oppfylte. Ordlyden taler for felles foreldreansvar, og det blir rekna for å vere gjeldande rett, jf. § 39(1) andre setning. Berre innflytting utan å registrere adresseendring er ikkje nok, Det følgjer av § 39(1) andre setning at begge må vere bustadregistrerte på den same adressa dersom foreldreansvaret automatisk skal bli delt.

2.1.6

  1. Ellen og Katrine bur saman. Ellen fødde barnet Petter etter lovleg assistert befruktning. Dersom Ellen og Katrine skal vere foreldre som bur saman i medhald av § 35(2), må Katrine ha status som medmor. Da må ho ha erklært medmorskap etter reglane i § 4(5). Vi føreset at Katrine er medmor, og dermed har Ellen og Katrine delt foreldreansvar.

  2. Katrine treng ikkje gjere noko utover det å sørgje for å ha same folkeregistrerte adresse som Ellen, og erklære medmorskap etter § 4(5). Dersom desse vilkåra er på plass, følgjer delt foreldreansvar av § 35(2).

  3. Ein sæddonor blir ikkje rekna som far. Dette følgjer etter føresetnadene i barnelova §§ 3 og 4. Det er også føresett i bioteknologilova som konsekvent bruker omgrepet sædgivar utan å knyte dette til farskap. Sjå til dømes bioteknologilova § 2-9(2) som bestemmer at ein sædgivar ikkje skal få opplysningar om identiteten til paret eller barnet.

2.1.7

  1. Else har i utgangspunktet foreldreansvaret aleine. Ho er den kvinna som fødde barnet og er derfor mor i medhald av barnelova § 2. Hensikta med befruktninga var at ho skulle vere surrogatmor, noko som er ulovleg etter norsk rett. Ein går derfor ut frå at denne assisterte befruktninga er gjord utanfor godkjent norsk helsestell, og av den grunn får ho ingen rettslege konsekvensar som set § 2 ut av spel.

  2. Mons kan bli far ved å erklære farskap etter barnelova § 4. Som far kan han og mora avtale at Mons skal ha foreldreansvaret aleine. Det er likevel eit problem for Else at ho held fram med å ha status som mor med dei konsekvensane dette har, mellom anna for arveretten og omsorgsplikta. Dersom Else ikkje skal vere mor, må ho og Mons nytte reglane om adopsjon. Else må adoptere bort barnet, og Mons må bli adoptivfar.

  3. Harald må adoptere barnet og deretter få felles foreldreansvar saman med Mons.

2.1.8

Læraren har løysingsforslag.