Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øvingar side 108–110

2.5.1

Samla bruttoformue er kr 2 400 000. Rådveldedelane er Tora: 480 000 (20 %), og Anders: kr 1 920 000 (80 %).

Paret har ikkje gjeld. Samla nettoformue er derfor lik den samla bruttoformuen.

Nettoformuen blir delt likt i medhald av § 58(1). Det gir kr 2 400 000 / 2 = kr 1r 200 000 til kvar.

Tora «tente» kr 1 200 000 – 480 000 = kr 720 000.

Anders tapte kr 1 200 000 – 1r 920 000 = kr –720 000.

Sjølv om rådveldedelane til ektefellane hadde svært ulik verdi, innebar samlivsbrotet ei overføring av formue på kr 720 000 frå Anders til Tora.

2.5.2

  1. Andrine Einar Sum
    Bruttoformuar 500 000 300 000 800 000
    – gjeld 150 000 250 000 400 000
    Nettoformuar 350 000 50 000 400 000
    Nettoformue / 2 200 000
    I alt får partane 350 000 450 000 800 000

    Andrine får kr 150 000 til å dekkje gjeld og kr 200 000 frå likedelingsmidlane, i alt kr 350 000.

    Einar får kr 250 000 til å dekkje gjeld og kr 200 000 frå likedelingsmidlane, i alt kr 450 000.

  2. Andrine Einar Sum
    Bruttoformuar 500 000 300 000 800 000
    – gjeld 150 000 300 000 450 000
    Nettoformuar 350 000 0 350 000
    Nettoformue / 2 175 000
    I alt får partane 350 000 450 000 800 000

    Einars gjeldsfrådrag blir avgrensa til verdien av bruttoformuen hans. Gjeld utover dette kan ikkje krevjast dekt frå delingsoppgjeret. Einar er eigentleg insolvent med større gjeld enn verdien av eigedelane hans.

    Andrine får kr 150 000 til å dekkje gjeld og kr 175 000 frå likedelingsmidlane, i alt kr 325 000.

    Einar får kr 300 000 til å dekkje gjeld og kr 175 000 frå likedelingsmidlane. Restgjelda på kr 50 000 må han ta frå likedelingsmidlane for å dekkje.

2.5.3

Håkon Kaja Sum
Motorsykkel 120 000 0 120 000
Bil 0 160 000 160 000
Bustad med innbu 800 000 800 000 1 600 000
Bankinnskot 100 000 120 000 220 000
Tippegevinst
Gullmedaljar
Bruttoformue med i delingsoppgjeret 1 020 000 1 080 000 2 100 000
– Frådrag for fellesgjeld, § 58(3) bokstav a 300 000 300 000 600 000
Nettoformue, bidrag til likedeling 720 000 780 000 1 500 000
Nettoformue / 2 750 000
Partane får i alt 1 050 000 1 050 000 2 100 000

Forslaget til deling er basert på desse føresetnadene og vurderingane:

Eg føreset at det ikkje er grunnlag for eller sett fram krav om skeivdeling. Ektefellane hadde ikkje særeige.

Eg reknar med at motorsykkelen er Håkons eineeige, og bilen er Kajas eineeige. Bustaden med innbu reknar ein med er i sameige med lik del på kvar, jf. Husmordommen (RT-1975-220), og det same om opplysninga om felles gjeld. Bankinnskota er eineeige for kvar av ektefellane.

Tippegevinsten kan haldast utanfor delinga etter ekteskapslova § 60. Det er berre den formuen som ektefellane hadde da kravet om separasjon kom fram til Fylkesmannen, som skal med i delingsoppgjeret. Opplysningane tyder på at kravet om separasjon vart sendt for fleire dagar sidan, og da speler det inga rolle at løyvet enno ikkje er gitt.

Eg føreset at Håkons gullmedaljar også kan haldast utanfor delinga, i tråd med Pokaldommen (RT-1940-379), jf. ekteskapslova § 61. Dommen gav ein idrettsmann rett til å halde sølvpokalar av betydelig verdi i forhold til storleiken på buet utanfor delinga. Gullmedaljar frå OL er så personlege gjenstandar at dei kan haldast utanfor delinga etter § 61.

Resultatet av delinga blir etter dette:

Håkon held gullmedaljane utanfor delinga. I tillegg får han kr 300 000 til å dekkje gjeld og kr 750 000 frå likedelingsmidlane, i alt kr 1 050 000.

Kaja held tippegevinsten på kr 230 000 utanfor delinga. I tillegg får ho det same som Håkon, kr 1 050 000.

2.5.4

Læraren har løysingsforslag.

2.5.5

Læraren har løysingsforslag.