Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øvingar side 99–100

2.4.1

Eit gyldig ekteskap føreset at brudefolka møter for og blir vigd av ein godkjend vigslar, jf. ekteskapslova §§ 11 og 12. Petra er ikkje godkjend som vigslar i medhald av ekteskapslova § 12. Ekteskapet blir rekna for ikkje inngått, det vil seie at det er ein «nullitet».

Det er ikkje noko ekteskap å oppløyse. Ola og Kari treng derfor ikkje å gjere noko med dette. Det er berre å flytte frå kvarandre.

Ei anna sak er at to års samliv kan ha ført til at ein del eigedelar er eigde i sameige. Det kan skape delingsproblem. Slike delingsspørsmål blir løyste på grunnlag av sameigelova.

2.4.2

Som ektefellar kan Jens og Harald krevje skilsmisse etter to års samlivsbrot, jf. ekteskapslova § 22.

Ved formell separasjon vil det å ta opp att samlivet føre til at separasjonen ikkje lenger har rettsverknad. Kortvarige freistnader på å ta opp att samlivet får likevel ikkje slik verknad, jf. ekteskapslova § 20(2). Ein tilsvarande regel om samlivsbrot står ikkje i ekteskapslova. Likevel må ein gå ut frå at regelen om åtskiljing ved separasjon kan langt på veg nyttast analogisk på samlivsbrot. Lødrup (Lødrup/Sverdrup: Familierett, 5. utgåve, s. 78) understrekar at dei same omsyna gjer seg gjeldande ved separasjon og samlivsbrot i relasjon til kva som skal til for å konstatere at eit samliv er teke opp att. I begge tilfella vil kortvarige freistnader på å ta opp att samlivet ikkje føre til at fristen for å krevje skilsmisse blir avbroten.

Jens og Harald prøvde i tre veker å ta opp att samlivet. Det var ein kortvarig freistnad som ikkje fekk verknad for fristen. Kvar ektefelle kan derfor krevje skilsmisse etter to år rekna frå nyttårsaftan 2013. Skilsmisse kan krevjast frå nyttårsaftan 2015. Kvar av dei kan derfor krevje skilsmisse våren 2016.

2.4.3

  1. Eitt spørsmål er om Assad og Ethel skal reknast som ektefellar etter norsk rett. Det er ikkje tvil om at ekteskapet ikkje ville vore gyldig dersom brudefolka hadde vore norske statsborgarar, jf. ekteskapslova § 11. Å gifte seg ved at ein annan representerer deg når ein sjølv ikkje er til stades, er i strid med § 11. Ethel var rundt 15–16 år da ho gifte seg i Bagdad i 2014. Det ville vore i strid med ekteskapslova § 1 a om alder. For norske statsborgarar ville ekteskapet vore ugyldig.

    Ekteskapet er gyldig etter irakisk lov. Det skal derfor i utgangspunktet anerkjennast i Noreg, jf. § 18 a. Det blir likevel ikkje anerkjent dersom Ethel var under 16 år, fordi det verkar støytande på norsk rettsorden, mellom anna fordi seksuell omgang med barn under 16 år er straffbart i Noreg. Ekteskapet må likevel oppløysast etter reglane om skilsmisse og separasjon/samlivsbrot, med mindre ekteskapet blir rekna som tvangsekteskap. I så fall kunne skilsmisse vorte gitt på grunnlag av § 23. Men vi har ikkje opplysningar til å konstatere tvang. Assad må derfor gå vegen om separasjon og skilsmisse for å komme ut av ekteskapet med Ethel.

  2. Dersom Assads ekteskap med Ethel skal kjennast ugyldig, må ein bruke ekteskapslova § 16, jf. § 18 a.

    Ein mogleg måte er å påstå at ekteskapet var eit tvangsekteskap, jf. § 16(3). Da må ein bevise rettsstridig tvang og at denne tvangen framleis er til stades. Søksmål med påstand om at ekteskapet er ugyldig, må reisast innan seks månader etter at tvangen er forbi. Dersom Ethel ikkje lenger blir sett på som å vorte tvinga, er det reglane om separasjon og skilsmisse ein må bruke.

    Ein annan måte er å påstå at ekteskapet i Irak er ugyldig fordi Ethel mangla rettsleg handleevne, jf. § 16(5). Skal dette føre fram, må § 18 a(1) siste setning bli nytta. Men slikt søksmål må reisast innan seks månader etter vigselen. Sidan vigselen skjedde i 2014, fører dette ikkje fram.

    Konklusjonen blir at Assad har vanskar med å nå fram med påstand om ugyldigheit. Han må nok nytte reglane om separasjon og skilsmisse.