Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øvingar side 93

2.3.13

Sambuarar kan som hovudregel ikkje stifte gjeld for kvarandre med mindre det er særskild heimel. Hovudreglane for ektefellar og sambuarar er like, sjølv om ekteskapslova § 40 berre gjeld i ekteskap. Ekteskapslova § 41 om gjensidig representasjonsrett for visse avtalar gjeld ikkje for sambuarar.

Særskild heimel for representasjonsrett mellom sambuarar kan byggje på reglane i avtalelova om fullmakt (kompetansemål for Rettslære 2, men ikkje for Rettslære 1). Ein sambuaravtale kan til dømes ha ein regel om at ekteskapslova § 41 skal gjelde tilsvarande (analogisk) for sambuarane.

Dersom TV-apparatet vart kjøpt inn med samtykke frå ektefellen, kan apparatet vere i sameige og gi grunnlag for eit felles ansvar for kjøpesummen.

Utan grunnlag i avtale eller sameigelova er Steinar aleine ansvarleg for kjøpesummen.