Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øvingar side 48–50

2.1.9

Sara og Jørgen har framleis felles foreldreansvar etter skilsmissa, jf. § 34(2). Spørsmålet dreier seg derfor om kvar sonen skal bu fast.

Spørsmålet om fast bustad skal avgjerast med tanke på det som er best for barnet (§ 48). Det blir føresett at det er til det beste for barnet å la det vere med på avgjerder. Ein skal leggje vekt på kva barnet meiner om kvar det vil bu fast, jf. § 31(1). Ein skal også leggje vekt på det barnet meiner, alt etter kor gammalt og modent barnet er. Oppgåva har ikkje opplysningar om kva sonen meiner.

Miljøskifte er eit argument mot å endre den siste faste bustaden til barnet. I dette tilfellet har det seks år gamle barnet berre budd seks månader aleine saman med mora. Omsynet til endring av skole og vennekrins taler berre i liten grad mot endring.

Begge foreldra er oppgitt som gode omsorgspersonar. Skilnadene mellom foreldra er økonomien og den sosiale situasjonen deira. Sara bur saman med ein mann i ein husbåt. Ingen av dei er i fast arbeid. Ein så usikker situasjon taler sterkt imot at seksåringen skal bu fast hos Sara. Mykje taler for at det beste for barnet er å bu hos faren som kan tilby trygg økonomi og god omsorg.

Vi konkluderer med at barnet skal bu fast hos faren, og at mora får ein omfattande samværsrett.

2.1.10

Faktum i oppgåva passar til situasjonen i RT-1982-116 Sabotasjedom I. Retten la vekt på at det beste for barnet var å få mest mogleg samla foreldrekontakt. Faren saboterte samværsretten til mora, og da var det betre å plassere foreldreansvaret og fast bustad hos mora. Miljøskifte kan tale mot, men i eit tilfelle som dette kan ikkje det få særleg vekt fordi barnet berre var tre år. Endringa kan rett nok bety skifte av barnehage, men vennekrins og skoletilhøyrsle er enno ikkje etablert.

2.1.11

Læraren har løysingsforslag.

2.1.12

Læraren har løysingsforslag.