Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øvingar side 31

2.1.1

A er i utgangspunktet far i medhald til barnelova § 3. Det er fordi mor framleis var gift da du vart fødd. Farskapet blir derfor automatisk plassert hos ektemannen (pater est-regelen). Regelen blir ikkje sett ut av spel sjølv om mora har brote samlivet uformelt og flytta saman med ein annan mann. Det siste følgjer motsetningsvis av § 3(3) som bestemmer at berre separasjon ved bevilling eller dom kan oppheve pater est-regelen i første ledd.

Dersom B er den verkelege faren, kan det farskapet som elles følgjer av § 3(1), endrast ved at B erklærer farskap, jf. barnelova § 7. Erklæringa må godtakast av mora og ektemannen A og må vere støtta av DNA-analyse. Dersom ikkje alle vilkåra for endring av farskapet er på plass, kan farskapet endrast av domstolane etter reglane i § 6.

2.1.2

Pater est-regelen blir suspendert når ektefellane har fått formell separasjon, jf. § 3(3). Det betyr at A ikkje er å rekne som far sjølv om ekteskapet ikkje er endeleg oppløyst ved skilsmisse.

Farskapet kan bli fastslått ved erklæring, anten frå A eller B, i medhald av § 4.

Vi føreset at du som barn flest vart fødd på ein fødselsinstitusjon med jordmor eller lege til stades. Farskapet skal da peikast ut ved at jordmor eller lege skriv ei fødselsmelding, jf. § 1(1). Der vil ektemannen A bli oppført som far i medhald av § 3 med mindre mora opplyser at det er ein annan, B, som er faren.

2.1.3

Det må bli fastslått at A var far til E. Sidan A ikkje lenger er i live og kan ta på seg farskapet, og sidan E er oppført i folkeregisteret som «utan far», er ansvaret for å oppklare saka plassert hos det offentlege, jf. barnelova § 5. Det vil i praksis bli innhenta DNA-analyse av E, og dersom dette viser slektskapen mellom A og E, vil det offentlege endre opplysningane i folkeregisteret.