Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øvingar side 127–128

2.5.10

  1. a) Forslag til delingsoppgjer for Andrea og Jan som sambuarar:
    Andrea Jan Sum
    Bustad 1 680 000 720 000 2 400 000
    Seglbåt 320 000 0 320 000
    Sportsbil 0 260 000 260 000
    Innbu 180 000 180 000 360 000
    Bankinnskot 290 000 260 000 550 000
    Bruttoformue 2 470 000 1 420 000 3 890 000

    Delinga er gjord på grunnlag av sameigelova, jf. sameigelova § 2.

    Eigedelar som ikkje er sameige, er fullt ut eigde av kvar enkelt. Det er ikkje grunnlag for sameige av seglbåten, sportsbilen og bankinnskota.

    Bustaden er eigd i sameige. Utgangspunktet er at sameigarane har like store eigardelar, men det gjeld berre når det ikkje er grunnlag for anna. Opplysningane om finansieringsforholdet 70 %–30 % blir lagde til grunn for eigarforholdet. Det gir Andrea ein eigardel på kr 1 680 000 og Jan ein eigardel på kr 720 000.

    Det er opplyst at dei eig innbuet saman. Det er ikkje grunnlag for å gå ut frå anna enn at dei eig halvparten (kr 180 000) kvar.

  2. Spørsmålet må løysast med reglar som ligg utanfor læreplanen. Dette dreier seg om oppløysing av eit sameige, og til det bruker ein sameigelova § 15. Dersom sameigarane ikkje blir samde om eit utløysingsoppgjer, kan ingen av dei hindre at bustaden blir lagd ut for sal etter reglane om tvangsfullbyrding. I dette salet har Jan som sameigar førsterett til å få bodet sitt godteke, under elles like vilkår. Dersom høgaste bod er kr 2 400 000, kan Jan også leggje inn eit bod på dette beløpet og får førsteretten til å bli godkjend. Jan har derfor som sameigar forkjøpsrett til bustaden.

    Jan har likevel berre krav på verdiar for kr 1 420 000. Han må derfor skaffe kr 980 000 for å løyse ut Andrea.

  3. Dersom Andrea og Jan er ektefellar, kan delingsoppgjeret bli slik:

    Andrea Jan Sum
    Bustad 1 200 000 1 200 000 2 400 000
    Seglbåt 320 000 0 320 000
    Sportsbil 0 260 000 260 000
    Innbu 180 000 180 000 360 000
    Bankinnskott 290 000 260 000 550 000
    Bruttoformue 1 990 000 1 900 000 3 890 000
    – Frådrag for gjeld 0 0 0
    Nettoformue, bidrag til likedeling 1 990 000 1 900 000 3 890 000
    Nettoformue / 2 1 945 000
    Partane får i alt 1 945 000 1 945 000 3 890 000

    Eg reknar med at bustaden er eigd med halvparten til kvar. Eigardelane mens ekteskapet bestod, speler likevel inga rolle for resultatet sidan dei uansett inngår i likedelingsgrunnlaget.

    Partane kan ikkje krevje skeivdeling etter § 59 for nokon av eigedelane sidan det er opplyst at ingen av ektefellane tok med seg særlege verdiar inn i ekteskapet. Alt dei eigde, anten som sameige eller eineeige, går inn i den samla bruttoformuen. Det er ikkje opplyst om gjeld, derfor er bruttoformuen og nettoformuen like store. Resultatet blir at kvar av partane får kr 1 945 000.

    Andrea fekk som sambuar kr 2 470 000. Som ektefelle ville ho berre fått kr 1 945 000.

    Jan fekk som sambuar kr 1 420 000. Som ektefelle ville han fått kr 1 945 000.

2.5.11

Læraren har løysingsforslag.