Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 22

  1. Kvifor må lovtekstar tolkast?

    Lovtekstar må tolkast fordi mange ord og uttrykk i lovtekstane er vage og uklare. Vanleg språkleg forståing er som regel ikkje nok til å fastslå den tydinga eit ord eller uttrykk har i lova. Det må derfor hentast argument frå andre kjelder, frå lova sjølv, forarbeid, rettspraksis osv., for å finne fram til kva tydinga er.

  2. Kva er meint med utvida tolking?

    Utvida tolking vil seie å leggje meir i eit ord eller uttrykk enn det vanleg språkforståing gir grunnlag for. Eit typisk og kjent døme er tolkinga av ordet «skip» i Passbåtdommen (RT-1973-433), der ein liten passbåt vart rekna for å vere eit skip ut frå ein lovregel om promillekøyring til sjøs.

  3. Kva er meint med innskrenka tolking?

    Innskrenka tolking vil seie å leggje mindre i eit ord eller uttrykk enn det vanleg språkforståing gir grunnlag for. Eit døme er Innekattdommen (RT-1993-1260), der ein regel om «Katt forbode» etter Høgsteretts meining ikkje omfatta innekattar. Den fragmentariske karakteren ved denne lova, det vil seie at fleire paragrafar i lova må brukast for å fastslå innhaldet av ein regel, fører ofte til at tolkinga blir innskrenkande.

  4. Kva er meint med analogisk tolking?

    Analogisk tolking er å gi lovteksten eit meiningsinnhald utanfor ramma for ordlyden. Du tolkar til dømes analogisk dersom regelen «Hund forbode» også skal gjelde for kattar, eller dersom reglar om dyremishandling også skal gjelde for barnemishandling. I RT-1997-1341 Hønsehaukdommen vart reglar som gjaldt viltangrep på «bufe», tolka analogisk for «fjørfe» (høner).

  5. Kva er meint med antitetisk tolking?

    Antitetisk tolking vil seie at du tolkar lova motsett av det som står i lovteksten. Om ei antitetisk tolking er rett slik at ho skal bli rekna som gjeldande rett, er eit anna spørsmål. Det blir avgjort av andre rettskjeldefaktorar.

    Eit døme er ekteskapslova § 3 som mellom anna seier at du ikkje kan gifte deg med slektning i rett opp- eller nedstigande linje eller med søsken. Ei antitetisk tolking inneber at du kan gifte deg med andre slektningar, til dømes ein fetter eller ei kusine (søskenbarn).

  6. Kva er ein rettskollisjon?

    Ein rettskollisjon ligg føre når to eller fleire rettsreglar tilsynelatande gir forskjellige tolkingsresultat for det same rettsspørsmålet.

  7. Korleis kan vi løyse ulike typar av rettskollisjonar?

    Rettskollisjonar blir ofte løyste med desse prinsippa:

    Trinnhøgdeprinsippet (lex superior). Ei lov av høgare rang går føre ei lov av lågare rang. Grunnlova går føre ei formell lov, og ei formell lov går føre forskrifter.

    Spesialregelprinsippet (lex specialis) vil seie at spesialreglar går føre generelle reglar på same trinnhøgd.

    Tidsakseprinsippet (lex posterior) vil seie at nye lover går føre gamle lover.