Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 16

  1. Kva er eit rettsspørsmål?

    Eit rettsspørsmål skil seg frå andre spørsmål fordi du må bruke rettsreglar for å løyse dei. Spørsmålet kan dreie seg om kva reglar som gjeld, og kva innhald dei har. Vi skil mellom generelle rettsspørsmål og individuelle rettsspørsmål. (Formuleringane byggjer på Torstein Eckhoff: Rettskildelære, Tanum-Norli 1980, side 11.)

    Generelle rettsspørsmål er spørsmål om kva reglar som gjeld i situasjonar som er felles for alle eller ei gruppe personar. Spørsmålet kan vere meir eller mindre generelt. Eit døme er kva reglar som gjeld for formueforholdet til ektefellar.

    Individuelle rettsspørsmål er spørsmål om kva reglar vi skal bruke for å løyse eit konkret tilfelle. Skal du løyse eit individuelt rettsspørsmål, må du først formulere spørsmålet generelt for å fastleggje innhaldet i dei reglane du vil bruke. Deretter må du vurdere om det konkrete tilfellet passar til den generelle tolkinga. Dette blir på fagspråket kalla subsumsjon.

  2. Kva er ei rettskjelde? Set opp ei liste over dei viktigaste rettskjeldene, og forklar kort kva dei går ut på.

    Ei rettskjelde er ei kjelde der du kan hente argument for å løyse rettsspørsmål. Rettskjeldene er verktøykassa til juristane. Juridisk metodelære er læra om dei rettskjeldene som finst, og korleis dei argumenta som kan hentast frå dei, blir vektlagde og vegne mot kvarandre. Det er vanleg å dele rettskjeldene inn i

    • lovtekstar
    • lovforarbeid
    • rettspraksis
    • forvaltningspraksis
    • sedvane
    • juridisk teori
    • reelle omsyn
    • folkerett
    • EU/EØS-rett

    Lovtekstane er ikkje berre lovene slik dei er vedtekne av Stortinget. Dei omfattar også forskrifter som er vedtekne av forvaltninga med heimel i lov, til dømes eit skolereglement.

    Lovforarbeid består av innstillingar frå komitear som har utgreidd behovet for nye lover, lovforslag frå regjeringa til Stortinget (proposisjonar), innstillingar frå komitear i Stortinget, og andre dokument som skriv seg frå forarbeidsprosessen. Lovforarbeida kastar lys over kvifor lova var nødvendig, og korleis dei ulike paragrafane er å forstå.

    Rettspraksis består av dommar frå Høgsterett, lagmannsrettane og tingrettane. Rettspraksis viser korleis domstolane bruker lovene. Høgsterettsdommane er ei svært viktig rettskjelde, og enkelte høgsterettsdommar er så viktige at dei blir kalla prejudikat, til dømes Husmordommen (RT-1975-220).

    Forvaltningspraksis er den praksisen regjeringa og andre forvaltningsorgan bruker når lovene skal setjast ut i livet gjennom vedtak, andre avgjerder og vurderingar. Ein del forvaltningsorgan liknar på domstolar, til dømes Likestillings- og diskrimineringsnemnda.

    Sedvane er uskrivne reglar som folk bruker fordi dei føler seg forplikta til det. I handelslivet bruker ein ofte omgrepet kutyme eller handelsbruk om slik praksis. Sedvane kan bli brukt som rettskjelde dersom ho er brukt konsekvent og regelmessig i lang tid. Eit døme er eit avgrensa høve til avbestilling av hotellrom.

    Juridisk teori er rettsoppfatningar som er skrivne eller sagt av juristar i rettsvitskapleg litteratur.

    Reelle omsyn er argument som tek omsyn til formålet med lova og andre interesser som eit rettsspørsmål får verknad for. Slike vurderingar kan bli kalla formålsvurderingar, interesseavvegingar eller rimelegheitsvurderingar.

    EU/EØS-retten består av direktiv om dei lovene norske myndigheiter er forplikta til å vedta, og korleis desse lovene er å forstå. Norske lover skal tolkast så langt det er mogleg i samsvar med EU/EØS-retten og internasjonale konvensjonar som Norge er bunde av.

  3. Kva er meint med omgrepet «lovtekst»?

    Lovtekstane er som regel den viktigaste rettskjelda.
    Grunnlova § 75 bestemmer at det er Stortingets oppgåve å gi lover. Lovene blir derfor til i eit trinnhøgdesystem med Grunnlova på toppen. Grunnlova gir lovgivingsmakt til Stortinget. Oppstår det konflikt mellom Grunnlova og andre lover, er det Grunnlova som gjeld.

    Forskrifter høyrer også til rettskjelda «lovtekstar». Forskrifter er lovtekstar som forvaltninga gir med heimel i ei formell lov. Stortinget har på denne måten delegert lovgivingsmakt til forvaltninga. Forskrifta om klagerett på karakterar er eit døme på slike lovtekstar.

    Trinnhøgdeprinsippet rangerer lovtekstane i ei samanhengande heimelsrekkjefølgje. Eit skolereglement er berre gyldig dersom innhaldet er i samsvar med opplæringslova, som igjen må vere vedteken i samsvar med Grunnlova.

    Du må oppgi lov, paragraf og ofte avsnitt og setning når du bruker ein lovregel. På den måten gjer du det mogleg å etterprøve resonnementet ditt. Det vil seie at dei som høyrer eller les argumentasjonen din, kan sjekke i lova om det du seier eller skriv, er korrekt.