Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øvingar side 22

1.3.1

Omgrepa innmark og utmark i friluftslova § 1 a er språkleg sett uklare. Bruker du desse orda i samtalar i dagleglivet utan nærmare forklaring av innhaldet, blir du kanskje ikkje forstått. I friluftslova er det knytt rettsverknader til desse omgrepa, og da må dei tolkast.

Friluftslova § 1 a er eit døme på ein legaldefinisjon. Det vil seie at lova sjølv gir nærmare forklaring på korleis vi skal forstå omgrepa. Innmark er nærmare definert som gardsplass, hustomt, dyrka mark, engslått og kulturbeite, samt liknande område. Ein legaldefinisjon løyser tolkingsproblema eit stykke, men kan likevel etterlate nye tolkingsproblem. Kva er til dømes meint med kulturbeite? For at omgrepet kulturbeite ikkje skal omfatte alle område der sau, kyr og andre husdyr beiter, finn vi rettleiing i tillegget «liknende område der almenhetens ferdsel vil være til utilbørlig fortrengsel for eier eller bruker».

Kva som er «utilbørlig fortrengsel», må også tolkast. Til det treng du andre rettskjelder enn lovteksten, til dømes lovforarbeid, rettspraksis, sedvane og reelle omsyn der du gjer ei skjønnsmessig vurdering av grensa mellom utilbørleg og tilbørleg fortrengsel.

1.3.2

Oppgåva er å tolke omgrepet motorvogn i vegtrafikklova § 1.

Vi kan først gå til lovteksten i vegtrafikklova § 2(2). Der finn vi ein legaldefinisjon på motorvogn. Først blir køyretøy definert: «… innretning som er bestemt til å kjøre på bakken uten skinner.» Eit kjent uttrykk har vore «skjenelaus køyregreie». Motorvogn er køyretøy som blir drive med motor. Unntaket for køyretøy som går på skjener, inneber at tog og trikk ikkje er motorkøyretøy. Vi kan også finne lovtekst i andre lover, til dømes i bilansvarslova § 3, som kastar lys over korleis omgrepet er å forstå. Omgrepet motorvogn betyr i all hovudsak det same i vegtrafikklova § 2 og bilansvarslova.

Forarbeida til vegtrafikklova tyder på at omgrepet motorvogn skal tolkast vidt (utvidande).

Frå Ot.prp. nr. 23 (1964–65) saksar vi:

«Med den foreslåtte definisjon og tilknytningen til bilansvarslovens definisjon, er motorvognbegrepet blitt betydelig utvidet i forhold til gjeldende motorvognlov. Det er i seinere år skjedd en rivende teknisk utvikling, og det er kommet i bruk en rekke selvtransporterende arbeidsredskap som i stor utstrekning nyttes på veg. Det gjelder til dels konstruksjoner bygget på vanlig lastebilunderstell og som derfor til dels kan kjøres med forholdsvis stort fart, f.eks. stigebiler, løftekraner og lasteapparater. Likeledes er det i bruk en rekke forskjellige traktorer, hjul- og beltelastere, gaffeltrucker, bulldozere og gravemaskiner, vegarbeidsmaskiner, transporttraller og annet transportutstyr, dels beregnet på intern transport, renholdsmaskiner og rene jordbruksmaskiner. Man har sett det slik at det ikke kan antas å være noen reell grunn til at slike motorvogner og kjøretøyer uten nærmere vurdering skal unntas fra lovens krav.»

Lovgivaren har altså sett for seg at motorkøyretøy omfattar løftekraner, lasteapparat, gaffeltruckar, bulldosarar, gravemaskinar osv. Det er i forarbeida også drøfta at barneleiker etter omstenda kan vere køyretøy. Dette tyder på at omgrepet skal tolkast svært utvidande.

Rettspraksis kan også gi argument for spørsmålet om du har med ei motorvogn å gjere. I høgsterettsdommen HR-2016-2228-A heiter det:

«… tohjulet selvbalanserende kjøretøy – en såkalt Segway. Høyesterett fant det klart at kjøretøyet, som var bestemt til å kjøre på bakken uten skinner, og som ble drevet frem av en elektrisk motor, ble omfattet av motorvogndefinisjonen i vegtrafikkloven § 2 andre ledd.»

I juridisk teori og ved vurdering av reelle omsyn er det vanleg å leggje stor vekt på om eit motorkøyretøy kan representere ein reell fare i trafikken, med sin fart og si tyngde. Såleis vil ein traktorliknande grasklippar vere eit motorkøyretøy, men ikkje ein elektrisk, sjølvgåande grasklippar som blir styrt av ein person som går på bakken.

1.3.3

Ved tolking av ord og uttrykk i ein lovtekst startar lovbrukaren (dommar, advokat, offentleg tjenestemann osv.) med vanleg språklig forståing av omgrepet. Den vanlege, språklige forståinga av ordet «ekteskap» er eit samlivsforhold mellom ein mann og ei kvinne som er stifta etter reglane for vigsel i ekteskapsloven. Ordet «ektefelle» er då nemninga på ein av dei to personane i eit slikt ekteskap.

Samfunnsforhold og ny lovgiving kan endre kva som er vanleg språkleg forståing. Spørsmålet er om omgrep som «ektefelle» og «ekteskap» som juridiske omgrep skal tolkast utvida eller innskrenka i forhold til vanleg språkbruk.

Ofte har lova sjølv opplysningar som enten definerer omgrepet eller bidrar med argument til tolking. Ekteskapslova har ingen legaldefinisjon av omgrepet «ekteskap», men det framgår av § 1 at ekteskap kan inngåast mellom to personar av motsett eller same kjønn. Det betyr at både «ektefelle» og «ekteskap» skal tolkast utvida i forhold til vanleg språkbruk. Det er også andre føresegner i ekteskapslova som kan bidra med tolkingsmoment. Etter § 16(1) er eit ekteskap å anse som ikkje inngått, og partane i «ekteskapet» ikkje å anse som ektefellar, dersom reglane om framgangsmåten ved vigsel, jf. § 11, jf. § 12, ikkje er følgd. Dette illustrerer at tolking av ein lovtekst kan fortone seg som eit puslespel der ein set saman argument frå fleire stader i lova.

1.3.4

  1. Spørsmålet er om det er tillate å drepe mus i skogen.

    Utgangspunktet må takast i naturmangfaldlova § 15 som mellom anna bestemmer at «uttak av naturlig viltlevende dyr skal følge lov eller vedtak med hjemmel i lov». Så vidt eg veit, er det inga lov som på generelt grunnlag tillèt uttak (dreping) av mus, og det er heller ikkje gjort noko vedtak med heimel i lov om at mus skal drepast. Musedrap må derfor ha heimel i nødverjeregelen i naturmangfaldlova § 17(1) der det mellom anna står at «[s]mågnagere […] kan avlives hvis det er nødvendig for å hindre skade på person eller eiendom». Det fortel oss at det berre er tillate å drepe mus når det er nødvendig. Det kan til dømes vere nødvendig for å hindre skade på avlingar, matlager, bustad osv. Det må liggje føre ei form for nødssituasjon. Gjer det ikkje det, er musedrap forbode og kan i prinsippet vere straffbart.

  2. Spørsmålet er om det er lovleg å felle ulv.

    På same måten som i spørsmål 1 må ein ta utgangspunkt i naturmangfaldlova § 15. Felling av ulv må ha heimel i lov eller vedtak med heimel i lov. Utan heimel er felling av ulv forbode og straffbart. Felling som ikkje har heimel i lov eller vedtak, kan derfor berre gjerast med heimel i nødverjeregelen i naturmangfaldlova § 17(2). For det første kan ulven drepast dersom det blir rekna som påkravd (nødvendig) for å fjerne ein aktuell og betydeleg skade på person. Ein ulv som til dømes opptrer truande mot eit menneske, kan fellast. Ein ulv kan også fellast av eigaren eller hans representant under direkte angrep på bufe, tamrein, gris, hund og fjørfe. Den siste setninga reiser behov for presiseringar. Det må liggje føre eit «direkte angrep». Det er ikkje nok at ulven luskar i nærleiken, han må ha sett angrepet i gang. Det er berre eigaren eller hans representant som kan felle ulven, ikkje andre personar. Det er berre dei dyra som er nemnde, som er verna. Eit ulveangrep mot katten gir ikkje grunn for felling i nødverje.