Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Forbrukarrett

  1. Nemn nokre sentrale lover i forbrukarvernet. Sentrale lover i forbrukarvernet er: forbrukarkjøpslova, angrerettlova, forbrukarklagelova og marknadsføringslova.
  2. Kva oppgåver har Forbrukarrådet? Forbrukarrådet er eit statleg organ som spreier informasjon, gjennomfører vareundersøkingar, behandlar klager og gir råd og rettleiing til forbrukarane. Rådet er ingen domstol, men partane i ei klagesak vel ofte å rette seg etter det forslaget Forbrukarrådet kjem med til løysing.
  3. Kva for kjøp regulerer forbrukarkjøpslova? Forbrukarkjøpslova gjeld forbrukarkjøp av ting frå ein seljar som opptrer i næringsverksemd. Lova gjeld ikkje kjøp og sal mellom næringsdrivande (næringskjøp) eller kjøp og sal mellom forbrukarar (privatkjøp), forbrukarkjøpslova § 1.
  4. Kva vil det seie at reglane i forbrukarkjøpslova er ufråvikelege? Forbrukarkjøpslova sikrar forbrukaren eit minimum av rettar ved at partane ikkje kan avtale dårlegare vilkår for forbrukaren enn dei rettane som lova gir, jf. § 3 første ledd. Seljaren kan likevel gi forbrukaren betre rettar enn dei som står lova.
  5. Kva er ein rettsmangel, og kvar finn vi denne regelen? Seljaren skal sørgje for at kjøparen blir eigar av salsgjenstanden. Sviktar denne føresetnaden, ligg det føre ein rettsmangel, jf. forbrukarkjøpslova§ 15 andre ledd bokstav g.
  6. Kva er tidsfristane for å reklamere på ein mangel? Forbrukaren kan tape høvet til å krevje noko av seljaren dersom ho ikkje reklamerer i tide. Lova har to reklamasjonsfristar – ein reklamasjonsfrist på rimeleg tid, men aldri mindre enn to månader frå mangelen vart oppdaga, og ei foreldingsfrist på to år, eventuelt fem år, jf. forbrukarkjøpslova § 27 første ledd og andre ledd.
  7. Kva er vilkåret for å heve eit kjøp på grunn av mangel ved vara? Forbrukaren kan heve kjøpet i staden for å krevje prisavslag, men ikkje dersom mangelen er uvesentleg, jf. forbrukarkjøpslova § 32.