Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Krav frå kjøparen ved forseinking

Innhald

Kva er forseinking
Krava ved forseinking

Kva er forseinking

Forseinking er knytt til spørsmålet om levering – når og kvar seljaren skal stille vara til disposisjon for kjøparen. Normalt står dette i kjøpekontrakten, sjå reglane i forbrukarkjøpslova om levering, §§ 5-12.

Forseinking ligg føre når

  • vara er levert, men for seint
  • vara ikkje blir levert

Unndreg seljaren seg levering, er forseinking eit faktum under føresetnad av at forbrukaren ikkje kan lastast, sjå forbrukarkjøpslova § 19. Ei objektiv tolking av avtalen er basis for å påvise forseinking. Spørsmålet om forseinking er uavhengig av seljaren si skuld.

Til toppen

Krava ved forseinking

Er forseinking påvist, kan kjøparen

  • halde kjøpesummen attende, jf. § 20
  • halde fast på kjøpet og krevje levering, jf. § 21
  • heve kjøpet, jf. § 23
  • i tillegg krevje erstatning, § 24
  • når visse tilleggsvilkår er oppfylte, sjå §§ 21–25