Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Angrerettlova

  1. Kva omsyn ligg bak angrerettlova? Formålet med angrerettlova er å beskytte deg som forbrukar i situasjonar der du ikkje er førebudd og blir provosert til å ta avgjerder før du har fått tid til å tenkje deg om, og høve til å samanlikne tilboda frå seljaren med tilbod frå konkurrerande seljarar.
  2. Når gjeld angrerettlova? Angrerettlova § 1 seier at lova gjeld ved sal av varer og tenester til forbrukarar når seljaren eller tenesteytaren opptrer i næringsverksemd, avtalen er inngått utanfor fast utsalsstad eller ved fjernsal. Sal utanfor fast utsalsstad er oppsøkjande dørsal, gatesal, messesal og sal i heimane. Angrerettlova gjeld ikkje når vara er kjøpt i butikken.
  3. Er angrerettlova fråvikeleg eller ufråvikeleg? Angrerettlova kan ikkje fråvikast ved avtale til ugunst for forbrukaren, jf. § 3. Ein næringsdrivande kan likevel gi forbrukaren betre vilkår enn dei minstekrava som står i lova.
  4. Kor lang er angreretten normalt ved kjøp av varer? Angreretten varer i 14 dagar. Normalordninga på 14 dagar føreset at seljaren har halde opplysningsplikta si.
  5. Når startar angrefristen ved kjøp av varer? Angrefristen startar når vara og angreskjemaet med alle lovbestemte opplysningar er mottekne, jf. § 21.
  6. Kva er vilkåra for å krevje utvida angrerett ved kjøp av varer? Seljaren må halde opplysningsplikta si. Dersom seljaren ikkje har opplyst kjøparen om angreretten og sendt angreskjema, blir angrefristen utvida til 12 månader, jf. angrerettlova § 21.