Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Ulike typar kjøp – lovvalspørsmålet

Når vi skal løyse ein kjøpstvist, er første spørsmål kva for ei lov vi skal bruke. Her står valet mellom forbrukarkjøpslova eller kjøpslova. I dette faget skil vi mellom forbrukarkjøp, privatkjøp og næringskjøp.

Når kjøparen er forbrukar, vara er til privat bruk og seljaren er næringsdrivande, har vi eit forbrukarkjøp, og vi skal bruke forbrukarkjøpslova, jf. § 1. Forbrukarkjøpslova har ufråvikelege lovreglar, jf. § 3. Det vil seie at forbrukaren er sikra eit minimum av rettar etter lova.

Privatkjøp ligg føre når kjøparen er forbrukar, vara er til privat bruk og seljaren er ein privatperson (ein forbrukar). Slike kjøp er regulerte av kjøpslova, som har fråvikelege lovreglar. Det vil seie at partane fritt kan avtale vilkåra når det gjeld levering, reklamasjon og betaling.

Kjøpslova gjeld også næringskjøp. Eit slikt kjøp har vi når kjøparen er næringsdrivande, vara er ein del av næringsdrifta og seljaren er ein næringsdrivande. Lovreglane er også fråvikelege.

På jusinfo.no finn du ei orientering om både kjøpsrett og forbrukarrett.

2.1_ulike typer kjoep_nyn.jpg