Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Menneskerettar

  1. Kva er menneskerettar? Menneskerettar er grunnleggjande rettar som alle menneske har krav på, uansett rase, kjønn, religion eller annan status, og som regulerer forholdet mellom staten og individet. Det er likevel usemje mellom land om kva rettar som i folkerettsleg forstand er menneskerettar. Folkerettslege menneskerettar forpliktar berre dei landa som gjennom konvensjonar vorte samde om kva som skal vere menneskerettar.
  2. Kva er ei erklæring? Ei erklæring, eller fråsegn, om menneskerettar er i folkerettsleg samanheng ei generell og uforpliktande utsegn. FNs fråsegn om menneskerettar vart vedteken i 1948. Ho er ei erklæring eller fråsegn og ikkje ein konvensjon fordi landa ikkje greidde å bli samde om kva som skulle vere forpliktande for landa. Det var til dømes ikkje semje om dødsstraff var i strid med menneskerettane.
  3. Kva er ein konvensjon? Ein konvensjon er ein juridisk bindande avtale mellom statar som er regulert av internasjonal rett.
  4. Nemn ei fråsegn om menneskerettar. FNs menneskerettsfråsegn frå 1948.
  5. Nemn nokre kjende konvensjonar om menneskerettar. Den europeiske menneskerettskonvensjonen frå 1950 FNs konvensjon om sivile og politiske rettar frå 1966
  6. Kven var René Cassin? René Cassin (1887–1976) var ein fransk jurist og professor i rettsvitskap. Han stod sentralt i arbeidet med å utforme den universelle fråsegna om menneskerettar som danna grunnlaget for FNs menneskerettsfråsegn frå 1948. For dette arbeidet vart René Cassin tildelt Nobels fredspris i 1968.
  7. Kva var fundamentet i René Cassins «hus»? Fundamentet i René Cassins «hus» bestod av den historiske utviklinga, gresk filosofi, naturretten og eit meir humant syn på den plassen mennesket har i verda.
  8. Når vart verdsfråsegna om menneskerettar vedteken i FN? Verdsfråsegna om menneskerettar vart vedteken av FN i 1948.
  9. Kva bestod søylene i René Cassins «hus» av?

    Dei fire søylene i René Cassins «hus» bestod av dei fire gruppene av menneskerettar som er nemnde i verdsfråsegna om menneskerettar.

    Søyle 1 omfattar dei personlege rettane (artiklane 3–11), til dømes retten til eit liv i fridom og personleg tryggleik, utan slaveri, vilkårleg fengsling. tortur osv.

    Søyle 2 omfattar rettar mellom menneske (artiklane 12–17), til dømes retten til privatliv, eigedomsrett, rett til å gifte seg utan tvang osv.

    Søyle 3 omfattar offentleg fridom og politiske rettar (artiklane 18–21), til dømes religionsfridom, meinings- og ytringsfridom osv.

    Søyle 4 omfattar økonomiske, sosiale og kulturelle rettar (artiklane 22–27), til dømes rett til sosial tryggleik og arbeid som gjer det mogleg å dekkje nødvendige sosiale behov.

  10. Kva funksjon hadde taket i René Cassins «hus»? Taket skulle beskytte menneska og sørgje for dei rettane som dei etter lover og konvensjonar skal ha. Dette vernet skal skapast av ein internasjonal orden som internasjonale organ skal sørgje for, til dømes domstolar som spesielt arbeider med menneskerettar.
  11. Nemn to sentrale FN-konvensjonar frå 1966.

    FNs konvensjon om sivile og politiske rettar

    FNs konvensjon om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar

  12. Kva står EMK for? Den europeiske menneskerettskonvensjonen frå 1950
  13. Når vart menneskerettslova vedteken i Noreg? Menneskerettslova vart vedteken 21. mai 1999.
  14. Kva for ein domstol blir forkorta til EMD, og kvar ligg denne institusjonen? Den europeiske menneskerettsdomstolen som ligg i Strasbourg i Frankrike.