Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Rettsvirkninger under samlivet

  1. Per og Kari er nygifte. Dei har underhaldsplikt etter ekteskapslova § 38. Kva er den mest dekkjande påstanden?
  2. Ektefellane Per og Kari gifta seg for 8 år sidan. Dei har to ungar på fire og sju år. For fem år sidan kjøpte Per eit hus av barndomsvenen Lars – eit hus dei hadde ønskt seg lenge. Per står som formell eigar av bustaden i offentlege register. Per kjøpte huset for fem millionar kroner. Han betalte ein million kroner, som var sparepengar etter mange år med gode inntekter som rektor ved ein vidaregåande skule. I dei etterfølgjande åra blei lånet på huset betalt ned med pengane til Per, frå fire til to millionar. Kari hadde i dei same åra vore heimeverande med omsorg for dei små ungane, sjølv om det hadde skjedd imot viljen til Per. Han hadde alltid meint at Kari, som hadde utdanning og kompetanse til å undervise i engelsk og norsk, kunne ta seg heil eller delvis jobb i skulen. No, eitt år seinare, vurderer dei å skilje lag, og i denne samanhengen reiser det seg spørsmål om kven som eigentleg eig bustaden. Vel den løysinga som truleg er mest dekkjande for gjeldande rett.
  3. Faktuma er som i oppgåve 2. Kva for ei løysing er «mest feil» (har minst for seg)?
  4. Else og Marit er gifte utan ungar. Else hadde ei godt betalt stilling som banksjef. Marit var heimeverande med ansvar for å stelle huset, lage mat og passe på at blomstrane hadde vatn. Else hadde ein bil som ho hadde kjøpt før ekteskapet. Marit brukte bilen ofte, men ho var stadig innblanda i trafikkuhell. Else meinte derfor at Marit ikkje lenger hadde løyve til å nytte bilen. Marit protesterte kraftig. Vel den løysinga som er mest i samsvar med gjeldande rett.
  5. Faktum og spørsmål er som i oppgåve 4. Vel den løysinga som er «mest feil» (har minst for seg).
  6. Ekteparet Nina og Petter har i fleire år ønskt seg ein bil, men dei har til no ikkje hatt råd. Petter har nyleg arva 250 000 kroner. Han vil gjerne overraske Nina på 30-årsdagen hennar ved å gje henne ein bil i gåve. På den store dagen blir bilen overlevert til Nina. Petter har festa ein stor lapp på frontruta der det står: «Til min kjære Nina på 30-årsdagen! Frå Petter». To år seinare blir Nina og Petter separerte, og Petter hevdar då at bilen er hans. Vel den løysinga som er mest i samsvar med gjeldande rett.
  7. Joar og Merete har vore gifte i femten år. For fem år sidan arva Merete ein del eigedelar etter far sin, mellom anna eit måleri som blei hengt opp på veggen. Ingen hadde trudd at måleriet var noko verdt før ei veninne av Merete sa at måleriet såg verdifullt ut. Etter nærare undersøkingar viste det seg at måleriet var måla av Edvard Munch. Merete fekk det taksert, og det viste seg at det var verdt 800 000 kroner. Merete ville selje måleriet, men det var Joar ikkje einig i. Vel den påstanden som er mest i samsvar med gjeldande rett.
  8. Elisabeth og Lars hadde vore gifte i mange år då Lars arva barndomsheimen med særeigeklausul. Ekteparet bestemte seg for å flytte inn i det gamle huset. Lars bestemte seg for å pusse opp. Han ville derfor låne kr 2 000 000 i banken mot pant i huset, og han ville byggje om første etasje slik at han eigna seg til utleige. Elisabeth var ikkje einig i planane dersom det skulle føre til at framande menneske skulle bu i huset. Vel den påstanden som er mest i samsvar med gjeldande rett.
  9. Per og Pål er gifte. Ein dag arvar Per ei hytte på Sørlandet med særeigeklausul etter ekteskapslova § 48. Eigedommen har stor verdi og kan seljast for fem millionar kroner. Per vil selje, men det set Pål seg imot. Han ønskjer at ekteparet skal kunne nytte hytta som sommarstad, og at dei kan bu der frå mai til september kvart år. Vel den påstanden som er mest i samsvar med gjeldande rett.
  10. Kaia og Kato er sambuarar utan barn. Dei bur i ei sjølveigarleilegheit som Kaia eigde allereie før dei flytta saman. Kaia ønskjer å ta opp eit lån med pant i leilegheita for å kjøpe ein motorsykkel. Vel rett påstand.
  11. Leif og Unni er eit velhavande ektepar med den gode inntekta Leif har som fotballspelar. Leif tener for tida 10 millionar kroner i året, og han har ein større formue. Unni er heimeverande med ansvar for det daglege hushaldet og pass av to ungar på tre og fem år.

    Unni hadde lenge ønskt seg silikonbrystimplantat. Ho bestilte operasjon og blei strålande fornøgd med resultatet. Rekninga på kr 50 000 blei betalt med kredittkortet til Unni, og det førte til ei tilsvarande kredittkortgjeld. Vel den påstanden som er mest i samsvar med gjeldande rett: