Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Arverett 1

  1. Petter Nordby døydde som enkjemann og etterlét seg ein formue på kr 2 400 000. Han sat ikkje i uskifte. Han hadde i løpet av livet fått tre ungar – Jonas, Line og Mathilde. Det var berre Jonas og Line som var i live. Mathilde døydde for fleire år sidan og etterlét seg ungane Oscar og Turid. Petter hadde også ei søster, Petra. Korleis skal arven fordelast?
  2. Ragnar døydde berre 30 år gammal. Han etterlét seg ein ikkje sambuande, men gravid kjærast, Mathilde, faren Jens og søstera til den avdøde mora, tante Else. Ragnar etterlét seg kr 1 200 000. Korleis blir arveoppgjeret?
  3. Ragnhild var berre tre år gammal då ho mista mor si, Randi Ås, i ei trafikkulykke. Ragnhild var fødd utanfor ekteskap og budde saman med mora då mora døydde. Ragnhild flytta derfor til besteforeldra og voks opp hos dei. Faren, Lars Holm, viste aldri noka stor interesse for dottera si. Arven til Ragnhild etter mora, kr 2 000 000, blei overført til fylkesmannen og forvalta av han.
    Femten år etter dødsfallet til mora, då Ragnhild var berre 18 år gammal, døydde også ho i ei trafikkulykke. Pengane som fylkesmannen hadde forvalta fram 18-årsdagen til Ragnhild, hadde vakse til kr 3 000 000. Både Lars Holm og besteforeldra til Ragnhild gjorde krav på arven. Det same gjorde søstera til Randi, Elisabeth. Korleis skal arven delast?
  4. Johannes og Martine hadde hatt eit konfliktfylt ekteskap, og i 1996 flytta Johannes ut av den felles bustaden til paret i Storvik og skaffa seg ei mindre leilegheit i Smalvik. Åra gjekk. Ingen av dei tok initiativ til formell separasjon eller skilsmisse. Det kunne jo tenkjast at dei ein gong ville flytte saman igjen. Tjue år seinare døydde Johannes. Martine budde framleis i den gamle fellesheimen, som blei verdsett til kr 5 000 000. Leilegheita til Johannes var verd kr 2 000 000. Det var ikkje andre større verdiar til deling.
    Johannes etterlét seg to søsken, Berit og Unni. Johannes hadde hatt dagleg kontakt med dei i dei siste 20 åra. Korleis skal verdiane delast dersom det skal skiftast?
  5. Martine i førre oppgåve bestemmer seg for å krevje uskifte. Søstrene Berit og Unni motsette seg det på det sterkaste.
  6. Jonathan døydde og etterlét seg ektefellen Nina og kr 2 000 000. I tillegg etterlét han seg fetteren Arne og ektefellen Brita etter den avdøde sonen hans, Bjarne. Kva for ei løysing er aktuell?
  7. Peder døydde og etterlét seg ektefellen Kari og sonen Bjarte frå eit tidlegare forhold. Formuen bestod av felleseige som var verdsett til kr 6 000 000. Ein del av dette var ein landstad til kr 3 000 000 som Peder hadde hatt med seg inn i ekteskapet då det blei inngått, og som hadde vore særeige etter ekteskapslova § 42 (3). Dødsbuet etter Peder skal delast.
  8. Lars døyr og etterlét seg ektefellen Marte, dei to halvsøstrene Freda og Frida på morssida, og fetteren Maxmillian, som var sonen til ei avdød tante, og onkelen Ottar på farssida. Dødsbuet var kr 4 800 000. Korleis skal arven fordelast?
  9. Ein attlevande ektefelle taper arveretten etter den først avdøde ved
  10. Erna døydde og etterlét seg Ragnar som enkjemann. Dødsbuet var kr 3 800 000. Andre arvingar var dottera til Erna frå eit tidlegare ekteskap, Anita, bridgeklubben Gambit, som var tilgodesett i eit gyldig testament med kr 200 000, og dei to fellesbarna Agnete og Bjarne. Erna ønskjer å ta over buet uskifta.
  11. Vendela tok over dødsbuet uskifta då mannen hennar, Tobias, døydde og etterlét seg to felles barn, Ole og Karianne, og ein son frå eit tidlegare ekteskap, Lars. Han samtykte i at Vendela kunne sitje i uskifte også overfor han.
    Vendela har treft ein ny mann som ho skal gifte seg med. Uskiftebuet, som er verdt kr 6 000 000, skal derfor skiftast. Kva blir korrekt deling?
  12. Peder tok over dødsbuet uskifta etter at ektefellen Kari døydde. Den samla verdien (felleseiget) i buet er i dag kr 3 600 000. Paret hadde tre felles barn – Jørgen, Kjell og Hans. Dessutan hadde Kari ei dotter frå eit tidlegare sambuarskap, Agneta. Ho hadde gjeve samtykke til at Peder kunne sitje i uskifte overfor henne.
    To år etter at Kari døydde, arva Peder ein landstad frå foreldra sine. Arven hadde ikkje særeigeklausul etter ekteskapslova § 48. Landstaden er verd kr 3 000 000.
    Peder er no død, og uskiftebuet skal delast. Kva blir korrekt deling?