Max Millian (17 år) hadde lenge ønskt seg ein brukt seglbåt, trass i at han var blakk. Han hadde ei snill tante, Magda. Ho lova han kr 10 000 og sa at Max kunne bruke pengane sjølv til seglbåt eller andre føremål. Dersom det ikkje var nok, kunne ho låne han resten.
Max kjøpte ein bruktbåt av Botnefjorden Marina AS for kr 13 000, og tante Magda betalte heile rekninga. Max lova å betale tilbake lånet i løpet av sommaren med inntekter som han ville tene i ein sommarjobb.
Båten tok inn vatn allereie etter første prøvetur, som blei gjord to månader etter kjøpet. Nærare undersøkingar viste at båten hadde behov for omfattande reparasjonar.
Mor til Max, Evelyn, hadde ikkje vore entusiastisk til kjøpet, mellom anna fordi Max ikkje kunne symje. Ho tok kontakt med seljaren, heva kjøpet og forlangte heile kjøpesummen tilbakebetalt.
Vel den meste korrekte løysinga på konflikten.